Øye er frå 1964 ein matrikkelgard i Ørsta kommune, før den tid høyrde han til dåverande Hjørundfjord kommune. Garden ligg på ei slette ved botnen av Norangsfjorden, på nordsida av Elva. Matrikkelgarden har gardsnummer 125 i Ørsta.

Øyane, som garden vert nemnd lokalt, bestod fram til etter 1900 av fire, ei tid fem, gardsbruk. Alle husa i klyngjetunet på Øye brende ned natt til 5. september 1835. Også i 1942 vart Øye råka av brann, då Hotel Fønix tok fyr og to stovehus vart overtent.

Øye er i dag særleg kjent for Hotel Union, eit turisthotell i tre reist i 1891. Fram til det vart forbode med avl av pelsdyr, var Øye eit senter i pelsdyrnæringa på Sunnmøre.

Fjellet Slogen kneiser over Øye-garden. Garden er forsølt og får ikkje solglytt før 1. mars.

Folketal: 1801: 30 1865: 35 +10 1900: 51

Kjelder Hjørundfjordboka III, s. 225ff. Ørsta 1988.

Kategori:Ørsta kommune Kategori:Matrikkelgardar i Ørsta