Mittuniversitetet er eit svensk statleg universitet ved midten av Sverige, med campus på to stader: Sundsvall og Östersund. Universitetet har mange distansestuderande.

Historie Mittuniversitetet vart eit universitet den 1. januar 2005. Den føregåande høgskolen (Mitthögskolan) vart grunnlagd i 1993 ved ein fusjon mellom Højskolene i Östersund og Sundsvall/Härnösand. Desse var begge grunnlagde i 1977, med røter i høiere utdaningsinstitusjonar, frå 1971 i Östersund og barneskoleseminar og nautisk utdaning frå 1842 i Härnösand.

I 2001 fekk høgskolen universitetsstatus i ingeniørvitskap (inkludert informasjonsteknologi) og dermed retten til å organisera forsking og tildela doktorgrad.

Utdanningstilbod Mittuniversitetet tilbyr utdanning på alle nivå innanfor ei rekkje emne, t.d. samfunnsvitskap, åferdsvitskap, sjukepleie, lærarutdaning, medievitskap, IT, naturvitskap, design, teknikk, språk og andre humanistiske emne.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mittuniversitetet» frå , den 8. mars 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sundsvall Kategori:Östersund Kategori:Universitet i Sverige Kategori:Skipingar i 2005