Maria-Teresa «Tess» Asplund () er ein svensk aktivist som fekk stor merksemd etter ein protest mot ein nynazistisk demonstrasjon under første mai i Borlänge i 2016. Under demonstrasjonen blei ho fotografert av David Lagerlof medan ho med heva hovud og knyttneven i vêret stod vendt mot uniformerte medlemmar av den svenske delen av Den nordiske motstandsrørsla. Biletet gjekk og gjorde Asplund til eit globalt symbol for kampen mot rasisme. Asplund kommenterte hendinga og skal ha sagt: «Om dette biletet av meg kan få fleire til å våge å vise motstand, så er alt bra ... folket må sameine seg og vise at det ikkje er greit at rasismen blir normalisert og at fascistar spring rundt i gatene våre.»
Bakgrunn Asplund er fødd i Cali i Colombia. Ho blei adoptert då ho var eit par månader gammal og vaks opp på den svenske landsbygda. Som 16-åring flytta ho til Stockholm og budde hos besteforeldra på . I 2017 var Asplund busett i Stockholm og hadde to døtrer. Ho arbeidde på ein heim for einslege flyktningbarn og hadde tidlegare jobba som støttelærar i grunnskulen. Ho skildra seg sjølv som afro-svensk. Asplund var i 2017 også medlem i Afrophobia Focus.
«Årets bilete» i Sverige Biletet av Asplund blei kåra til årets bilete i Sverige i 2017. I grunngjevinga til juryen stod det: «Ein dramatisk augeblink under ein demonstrasjon som i sin enkelheit fangar samtidas pågåande konfrontasjon mellom mangfald og det ekstreme høgre. Kvinna på biletet blir ein representant for det personlege ansvaret – motet til å stå opp for det ein trur på sjølv når handlinga kan ha ein høg pris. Biletet er direkte og samtidig ikonisk. Eit minneverdig bilete, ei viktig soge om Sverige i 2016.»
Hyllest I 2016 hamna Asplund på britiske BBC si liste «100 Women» som lister dei mest inspirerande kvinnene i verda, saman med blant andre Alicia Keys, og . Temaet for 2016-lista var «defiance» (trass). Forfattaren J.K. Rowling hylla Asplund og : «Sjå på denne kvinna. Tess Asplund, du er fantastisk.»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tess Asplund» frå , den 9. mars 2025.
Kategori:Svenske aktivistar