Susan Hareho Karike Huhume () var ei papuansk husmor som er kjend for å ha utforma det papuanske nasjonalflagget som 15-årig skulejente.
Det papuanske flagget I 1971, då Karike var 15 år gammal, fekk skulen hennar, den katolske misjonsskulen på i provinsen Central, besøk av valkomiteen for konstitusjonell utvikling. Komiteen hadde allereie eit mellombels design for eit nytt flagg for Papua Ny-Guinea, som var designa av den australske kunstnaren Hal Holman. Likevel bad dei elevane lage ein ny fargepalett for flagget. Karike tykte ikkje at dei originale fargene blå, gul og grøn var tradisjonelle nok, og likte heller ikkje dei vertikale stripene som flagget var delt i. Ho brukte ei diagonal linje og fargene raudt, svart og gult, i tillegg til å behalde motiva med Sørkrossen og paradisfuglen. Det nye designet for flagget blei teikna på ei side riven ut frå kladdeboka hennar. Forslaget blei presentert for komiteen 1. mars 1971 og blei formelt vedtatt som flagget til Papua Ny-Guinea 4. mars 1971.
Galleri
Heider
Sjølv om ho stod bak utforminga av nasjonalflagget, var bidraget til Karike stort sett ukjent i løpet av levetida hennar. Ho mottok ingen pensjon frå regjeringa og levde i fattigdom. Den tre månader lange forseinkinga mellom døden og gravferda hennar kom av at statsministerkontoret hadde lova familien hennar at ho skulle ha ei statsgravferd, men så trekte tilbake løftet.
I 2017 blei Papua Ny-Guinea nasjonalmuseum og kunstgalleri bygd om og eit nytt galleri blei kalla opp etter Susan Karike.
Privatliv Karike gifta seg med Nanny Huhume og dei hadde fire barn og tolv barnebarn. Ho døydde i april 2017 etter eit slag og blei gravlagd 28. juli 2017.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Susan Karike» frå , den 10. mars 2025.
Kategori:Papuanarar Kategori:Folk frå Gulf Province