Sigrid Dorothea Bugge (1915–2011) var ei norsk sjukepleiar, organist og sanitetskvinne. Før og under andre verdskrigen utmerkte ho seg som sjukepleiar i Bodø. Ho var òg militærsjukepleiar med kapteinsgrad under Koreakrigen (NORMASH) og var aktiv i Europahjelpen i fleire land. Ho virka òg som organist i Bodø.
Organist Sigrid Bugge blei fødd i Oslo, men flytta etter kvart saman med familien til Bodø i Nordland. Som barn synte ho seg som eit musikalsk talent, og debuterte som organist i Høvik kyrkje allereie som niåring. Soknepresten der skreiv ein attest til henne som sa at:
Sist sundag var frk. Sigrid Bugge vikar for organist Lindemann i Høvik Kyrkje. Ho behandla orgelet på ein framifrå måte. Hennar preludium var stemningsfulle og vakre, og kornalspelinga var stø og sikker. Ho vert sikkert ein god organist.
I Bodø fekk ho orgelundervisning frå organisten og komponisten Fridthjov Anderssen, før ho seinare studerte kyrkjeorgel ved Musikkonservatoriet i Oslo. I 1937 søkte Bugge stillinga som organist i Bodø kyrkje, der det hadde blitt ledig etter Fridthjov Anderssens død. Ho hadde gode karakterar frå Musikkonservatoriet, fleire glimrande attestar og ei tilråding frå Ivar Orestad, formannen i Bodø sokneråd, men fekk ikkje organistjobben.
Sjukepleiar Etter avslaget på jobben i Bodø drog Bugge til Southampton i England. Der budde ho hos ein slektning som underviste i sjukepleie for Raudekrossen. Etter dette opphaldet starta Bugge på sjukepleiarstudium.
Då andre verdskrigen braut ut, arbeidde Bugge som sjukepleiar i Bodø. Då byen blei bomba 27. mai 1940, var ho på vakt på Bodø sjukehus, der om lag 150 pasientar måtte hjelpast i tryggleik. Sjukehusbygningen blei råka av fleire bomber medan evakueringa pågjekk. Under krigen blei Bugge òg kjend med sjukepleiaren Gunvor Haavik, som i 1977 blei tiltalt for spionasje for Sovjetunionen. Like etter krigen arbeidde Bugge som sjukepleiar i London, men vende tilbake til Bodø sjukehus etter nokre år.
I 1953 var Bugge oversyster med kapteinsgrad ved feltsjukehuset NORMASH (Norwegian Mobile Army Surgical Hospital). Dette var eit norsk feltsjukehus som var ein del av FN-kommandoen sitt engasjement under Koreakrigen.
Etter Koreakrigen kom Bugge tilbake til Bodø. Her heldt ho fram i helsevesenet og blei mellom anna engasjert av Raudekrossen til å halde instruktørkurs i sjukepleie i 1956. I 1959 fekk ho jobb som sjukepleiar ved Bodø Flystasjon. Her tok ho vidareutdanning i audiometri og blei dermed autorisert til å gjennomføre høyrselstestar av personell i flyvåpenet.
Ettermæle Sigrid Bugges barndomsheim «Bugge-garden» i Bodø blei omgjort til eit aktivitetssenter for ungdom, Gimle fritidssenter.
Arkivmateriale etter Sigrid Bugge blir oppbevart hos Arkiv i Nordland. Dette arkivet inneheld òg ein del materiale om Fridthjov Anderssen. Dei fleste av dokumenta etter Anderssen blei oppbevarte i Sangerhallen i Bodø, som blei fullstendig øydelagd under bombing av byen 27. mai 1940.
Sigrid Bugge er ei av kvinnene trekt fram som Hederskvinne av foreininga Hederskvinner Nordland.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
"Hederskvinnen Sigrid Bugge". Avisa Nordland Arkivet etter Sigrid Bugge. Arkivportalen.no Nordland fylkesleksikon, Sigrid Bugge - organist og sykepleier