mini|Ein Forsdon F utanfor lokala til Eik & Hausken i Oslo. Eik & Hausken var eit føretal som dreiv import, sal og service av traktorar og landbruksmaskinar. Dei er best kjend som importør og forhandlar av Fordson og Ford traktorar, men òg for Hamjern traktorgravarar.
Starten Føretaket vart stifta som «Eik & Hauskens Maskinforretning» i Stavanger i 1908 av Østen Kristensen Eik og Ole HauskenR. Heieren, Den første folketraktoren - Ford og Fordson satte blå spor i Norge, Traktor, 17. februar 2023.. Føretaket vart importør for Moline Plow Co. og Bates Steel Mule. I 1918 ekspanderte føretaket ved at det vart starta eit dotterselskap i dåværande Kristiania. Men den økonomiske krisa etter 1. verdskrig råka føretaket hard og i 1922 gikk det konkurs. Det var sonen til Østen, Christian Eik, som var eigar av føretaket då det gjekk konkurs. Han tok til på nytt i Stavanger ved at han saman med bror sin, Harald, stifta Eikmaskin. Disponenten i Kristiania-avdelinga, Johan Norlie, klarte å starta opp att føretaket under same namn og med dei same agentura som før konkursen. Detaljana rundt korleis han fekk dette til er ikkje kjend.
Dei dårlege konjekturane tidleg på 1920-talet gjorde det vanskeleg å selgja traktorar i Noreg og Eik & Hausken dreiv ikkje med traktorimport før i 1928. Før dette var det eit anna firma som importerte Fordson. Dei fyrste Fordson-traktorane vart importerte i 1919 og dei vart etter kvart selde av same forhandlarane som selde Ford bilar. Det var fyrst i 1928 at Eik & Hausken tok over som Fordson-agenturet.
Mellomkrigstida og 2. verdskrig mini|Fordson F med sjølvbindar på Husby vestre i Åsen i ca. 1944 mini|Pløying med ein Fordson E27N i Lancashire. Dei fyrste Fordson-traktorane som Eik & Hausen importerte då dei tok over importen i 1928 var Fordson F. Produksjonen av Fordson F i USA vart lagd ned i 1932, medan produksjonen av Fordson N i Eire tok til i 1929. Så frå 1929 og utover var det Fordson N som vart importert. Det er noko uklårt akkurat når Eik & Hausken gjekk over frå Fordson F til Fordson N.
Fyrst på 1930-talet gjekk det tregt med traktorsalet i Noreg og i 1932 selde Eik & Hausken berre 48 Fordson-traktorar. Mot slutten av 1930-talet betra økonomien i landbruket seg og i 1937 var dei komne opp i 335 traktorar. I fyste halvdelen av 1930-talet var Fordson det dominerande traktormerket, men i siste halvdelen av tiåret vart det meir og meir klårt at Fordson N held på å verta utdatert i høve til konkurrentane og marknadsandelen tok til å gå ned. Eik & Hausken var likevel den dominerande leverandøren av landbruasmaskinar i Noreg på 1930-talet.
I 1938 innleia Harry Ferguson eit samarbeid med Ford, og dei utvila saman Ford-Ferguson 9N. Då 9N vart sett i produksjon i 1939 oppstod det eit problem på grunn av at Eikmaskin var importør av Ferguson og i fylgje avtalen mellom Ford og Ferguson var det Ferguson som var ansvarleg for salet av Ford-Ferguson. Samanlikna med Ford-Ferguson 9N var Fordson N håplaust utdatert, så Eik & Hausken var ihuga på å importera den meir moderne 9N og Nordli klarte å få til ein avtale med Ford om import av Ford 9N. Dette protesterte Cristian Eik på og det enda med eit krisemøte der Ford, Ferguson, Eikmaskin og Eik & Hausken deltok. Resultatet var at både Eikmaskin og Eik & Hausken vart importørar av Ford-Ferguson, eller Ford 9N som han vart kalla.
Då 2. verdskrig tok til i september 1939 ottast politikarane for sjølvforsyningsgraden av mat og Stortinget vedtok at staten skulle organisera beredskapsimport av 1200 traktorar. Dette førte til ei kiving om kvotar mellom dei ulike traktorimportørane, med mykje lobbyverksemd. Eik & Hausken fekk til slutt ein kvote på 640 traktorar. Mykje av importen kom frå Storbrittania og den totale kvoten av den USA-produserte Ford-Ferguson 9N var på berre 310 traktorar. Eikmanskin fekk, etter mykje lobbyverksemd, tildelt 110 av desse og Eik & Hausken fekk 200. Etter som totalkvoten til Eik & Hausen var på 640 vart storparten (440) den aldrande Fordson N. Men den tyske okkupasjonen av Noreg den 9. april 1940 sette ein stopp for importen.
Etterkrigstida mini|Fordson Major. mini|Fordson Dexta. Då 2. verdskrig tok slutt låg mykje av landet i ruinar og det var knapt med utanlandsk valuta. Traktorimporten var difor underlagt kvotar. Eik & Hausken fekk ein kvote på 150 Ford 8N, som Ford hadde teke til å produsera i 1942 etter at det kom til brot med Ferguson. Men då Noreg hausten 1949 devaluerte den norske krona i høve til US-dollaren vart det for kostbart å importera traktorar frå USA. Eik & hausen måtte difor nøya seg med å importera den britiskproduserte Fordson E27N. Dette var ein noko oppdatert versjon av Fordson N, men han var likevel håplaust utdatert i høve til Ferguson TE20, som konkurrenten Eikmaskin importerte. Nordli stifta då «Landbruksteknisk Kompani A/S» og «Norsk Traktorkompani A/S» of tok til å importera fleire traktormerke i tillegg til Fordson. Mellom desse var David Brown truleg det viktigaste, men han importerte òg Allis Chalmers of OtaE. Opheim, En Brown skal være hvit - Historien bak det engelske traktormerket som forsvant , Traktor, 31. august 2023..
I 1952 var Forson i Storbrittania klar med ein moderne etterfylgjar til E27E, i form av Fordson E1A Major, som var tilgjengeleg ein 4-sylindra Ford bensin- eller dieselmotor med ei effekt på 40 hk. Denne traktoren var eit framsteg i høve til E27N, men motoren, som var den same som i Fordson N, var utdatert. Etter som patenta til Ferguson enda ikkje hadde gått ut, hadde han heller ikkje trepunktsoppheng. Men i 1952 vart E27N erstatta av den mykje meir moderne Fordson New Major. På starten av 1950-talet var dette ein stor traktoren og han vart godt motteken av dei som hadde bruk for ein stordragar. Han høvde òg godt som gravemaskintrakor, og i 1953 tok Hamjern, som Nordli eigde, til å produsera gravemaskinar på Hamar. Desse vart monterte på Fordson New Major, men vart ikkje leverte for montering på andre traktormerke enn Fordson. På 1950-talet tok ein til med å montera halvbelter på landbrukstraktorar og nytta dei i skogen. Halvbelta var òg nyttige på gravemaskintraktorar, spesielt ved grøfting av myr. I 1958 kom det enda ein ny verson kalla «Power Major», med kraftigare motor (52 hk) og fleire andre forbetringar. I 1960 kom Super Major, med ei motoreffekt på 54 hk.
I 1957 måtte Nordli, etter krav frå Fordson, slutta med å importera andre trakormerke enn Fordson. Men då hadde Fordson i England utvikla Fordson Dexta, som var like moderne som Ferguson 35. Patenta til Ferguson gjekk ut i 1957 og Dexta hadde eit trepunktsoppheng som i grove trekk var likt med det på Ferguson 35, som etter 1958 vart kalla Massey Ferguson MF35. Fordson Dexta var i det store og heile svært lik Ferguson 35, men hadde ein 3-sylindra Perkins dieselmotor, medan Ferguson 35 hadde ein 4-sylinda motor produsert av Standard. I 1959 kjøpte Massey Ferguson motorprodusenten Perkins og MF35 vart utstyrt med omlag 3-sylindra Perkins dieselmotor som Fordson Dexta, men med marginalt større slagvolum enn motoren i Fordson Dexta. Fordson Dexta vart den argaste konkurrenten til Ferguson i fleire år framover og det vart nokre år seld litt fleire Fordson Dexta enn MF 35. På denne tida hadde Eik & Hausken 19 eigne avdelingar og mange reisande selgjarar. I 1958 flytta føretaket inn i eit nybygg i Nygata 12 i Oslo, men i 1962 flytta dei til Økern.
1960-talet og utover mini|Ford 3000. I 1961 vart Eik & Hausken importør av County, òg vart kalla «Ford County», av di det var ombygde Ford-traktorar med fire like store hjul. Dei fekk noko utbreiing som skogstraktorar, med det vart og seld mange med Hamjern gravemaskinar. Om lag på same tid som Eikmaskin byrja å importera Massey Ferguson MF135 (45 hk DIN) og MF165 (55 hk DIN) starta Eik & Hausken import av den nye 1000-serien til Ford, som bestod av fire storleikar: 2000 (32 hk), 3000 (47 hk), 4000 (54 hk) og 5000 (64 hk). Eik & Hausken fekk då fire Ford-traktorar på programmet, medan Eikmaskin hadde berre to. Men alt i 1966 kunne Eikmaskin tilby MF175 (67 hk DIN) og i 1968 MF178 (73 hk DIN). Så konkurransen mellom Eikmaskin og Eik & Hausken held fram som før. Då Ford inførte ein ny alternativ girkasse kalla «Select-O-Speed», som tillet at ein skifta gir utan å bruka kopplingspedalen, meinte Eik & Hausken at dei hadde fått ein føremon. Men Select-O-Speed synte seg å ikkje vera robust nok. Dei nye girkassane havarerte ofte, og resulterte i mange reklamasjonar, noko som vart dyrt for Eik & Hausken. Mange var så misnøgde at dei bygde om traktorane til tradisjonelle girkassar.
I 1968 vart 1000-serien oppdatert og motoreffekta til Ford 4000 og 5000 vart auka til 62 respektict 75 hkS. Gibbard, The Ford tractor story - Part two: Basildon to New Holland 1964 to 1999, Old Pond Publ. og Japonica Press, 1999.. I 1971 vart Ford 7000 (90 hk DIN) sett i produksjon, og året etter var han å finna på programmet til Eik & Hausken. Dei USA-bygde stortraktorane Ford 8000 (110 hk DIN) og 9000 vart sett på som for store for den norske marknaden.
I 1970 vart Eik & Hausken seld til Ford Motor Company i KøbenhavnR. Heieren, Legendene i blått og hvitt - andre del om perioden da Ford var et ledende traktormerke, Traktor, 13. april 2024..
Referansar
Kategori:Tidlegare norske importørar av landbruksmaskinar Kategori:Tidlegare norske distributørar av landbruksmaskinar Kategori:Skipingar i 1908