Inger Stolt-Nielsen () er ein norsk lærar og politikar frå Haugesund. Ho representerte Rogaland på Stortinget 1997–2001.

Liv og virke Bakgrunn Stolt-Nielsen tok eksamen ved Stord Lærarskule i 1964. Seinare studerte ho historie og tok mellomfag i offentleg rett ved Universitetet i Bergen. Frå 1964 til 1997 underviste ho i skuleverket i Haugesund.

Poltisk karriere Stolt-Nielsen var medlem i Rogaland fylkesting 1992–1997, og medlem i Haugesund bystyre 1995–1997. Frå hausten 1997 representerte ho Rogaland i stortinget. Ho vart vald for partiet Høgre, og fekk i Stortinget plass i Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen. Men ho var like så mykje interessert i saker som hadde med sjøfart og fiskeri å gjere. Då Rogaland Høgre i januar 2001 ikkje renominerte henne for ein ny stortingsperiode, valde ho i mars 2001 å melde seg inn i Kystpartiet. Ho vart dermed partiets andre stortingsrepresentant, etter Steinar Bastesen danna partiet i 1999. Stolt-Nielsen var Kystpartiet sin fyrstekandidat i Rogaland ved stortingsvala 2001 og 2005, utan å nå opp i vala. I 2010 melde ho seg inn i Høgre på ny.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Folk frå Haugesund