Katie Leigh Zelem () er ein engelsk fotballspelar som spelar for i (NWSL). Zelem har tidlegare spelt for , der ho vann (WSL) to gongar. Ho har også vunne med Juventus i 2017/18-sesongen. Ho gjekk så til , der ho spelte frå 2018 til 2024, og bar kapteinsbindet då klubben vann sin fyrste -tittel i 2024.

Zelem har også representert England på alle aldersbestemte nivå, og scora 14 mål totalt. I 2021 fekk ho sin debut for det engelske A-landslaget.

Klubbkarriere

Ungdomskarriere Zelem byrja å spele fotball då ho var seks år gammal. Då ho var åtte år, byrja ho å spele for akademiet til .

Liverpool I og med at United ikkje hadde eit A-lag, gjekk Zelem til i 2013. Ho var med i kamptroppen for fyrste gong den 3. august 2013, men var ubrukt innbyttar i ein kamp mot .

Den 11. april 2014 brakk Zelem kragebeinet, under eit opphald med det engelske U19-landslaget, og gjekk glipp av starten på 2014-sesongen. Etter å ha komme tilbake frå skaden, fekk ho debuten sin for Liverpool 29. juni 2014. Ei veke seinare scora Zelem sitt fyrste mål for klubben, i mot .

Zelem sat på benken i den siste seriekampen 12. oktober 2014 mot , der Liverpool sikra WSL-tittelen. I november 2014 blei Zelem utnemnd til Liverpool Young Player of the Year.

I november 2015 skreiv Zelem ein ny kontrakt med klubben.

Juventus Den 12. august 2017 signerte Zelem for den italienske klubben Juventus. Den 9. desember scora Zelem sitt fyrste mål for klubben, i det som var hennar offisielle debut.

Den 30. september 2017 debuterte Zelem i som innbyttar. Kampen var også den fyrste kampen i Serie A for Juventus, etter at klubben blei skipa 1. juli 2017. Zelem scora sitt fyrste seriemål mot . Den 20. mai 2018 vann Juventus Serie A.

Zelem enda opp med å spele ein sesong for klubben.

Manchester United I juli 2018 signerte Zelem for Manchester United, i forkant av den fyrste sesongen sidan etableringa av laget 28. mai 2018. Ho var ein av sju spelarar som returnerte til klubben for å spele på A-laget, som hadde spelt på klubben sitt akademi tidlegare. Zelem fekk debuten sin for klubben i ein mot 19. august.

I den fyrste kampen for sesongen i , scora Zelem sitt fyrste mål for klubben frå straffemerket mot . Zelem blei røysta fram til månadens spelar i mars 2019. Mot slutten av sesongen blei Zelem kåra til årets spelar i Manchester United. Ho blei med det den fyrste som vann prisen.

Etter at klubbkaptein forlét klubben i august 2019, overtok Zelem kapteinsbindet. Zelem scora sitt fyrste mål for sesongen mot , 28. september 2019. Den 2. februar 2020 spelte United uavgjort mot . Reading fekk straffe etter at dommaren dømde hands på Zelem, sjølv om ballen traff hovudet hennar. Dette førte til mykje kritikk over standarden til dommarane i ligaen.

Den 12. mai 2024 leia Zelem laget ut på Wembley Stadium i finalen i .

Den 17. februar 2024 spelte Zelem kamp nummer 150 for United. Ho forlét klubben etter 2023/24-sesongen, då kontrakten hennar gjekk ut. På tidspunktet ho forlét klubben var Zelem nummer tre på toppscorarlista, og nummer to for flest kampar spelt for klubben, bak .

Angel City Den 12. august 2024 kunngjorde signeringa av Zelem. Ho fekk debuten sin i 24. august 2024 mot . Zelem hadde sin fyrste målgivande i klubben 12. oktober 2024 mot .

Landslagskarriere Aldersbestemte landslag Zelem debuterte for England sitt U15-landslag då ho spelte mot Nederland i mars 2010. I august 2013 var ho ein del av England sitt U19-landslag som enda som nummer to bak Frankrike i i Wales. I februar 2014 vart Zelem teken ut i den engelske U19-troppen til La Manga-turneringa i mars. I august representerte ho England på U20-landslaget under i Canada. Under leiing av Mo Marley spelte ho som playmaker på midtbana til England. Etter uavgjort mot Sør-Korea og Mexico klarte ikkje England å ta seg vidare til utslagsrundane, då dei tapte 2–1 mot dei seinare finalistane Nigeria i den siste gruppespelkampen.

I juli 2015 vart Zelem tatt ut i England sin U19-tropp til for jenter i Israel. England enda sist i gruppe B og gjekk ikkje vidare.

Senior Etter ungdomskarrieren vart ikkje Zelem teken ut i A-landslaget på fleire år. Men etter at ho vart kaptein for Manchester United, imponerte ho Phil Neville og fekk sin første innkalling til landslagstrening i september 2020. Ho var ein del av ein tropp på 30 spelarar som deltok på treningssamling på St George’s Park, men måtte trekkje seg etter å ha testa positivt for Covid-19. Under den nye landslagssjefen var Zelem ubrukt innbyttar i tre av kvalifiseringskampane til VM i 2023. Ho fekk endeleg sin landslagsdebut for England den 30. november 2021, då ho kom inn som innbytar i det 71. minutt i England sin rekordstore 20–0-siger mot .

Zelem vart teken ut i England sin 28-spelartropp til EM i 2022, men kom ikkje med i den endelege troppen. Den 18. november 2022 vart hennar England-arvenummer offentleggjort som nummer 221, og i mai 2023 vart ho teken ut i den engelske VM-troppen til VM i 2023, som vart spelt i juli same året.

Spelestil I 2014 uttala Martha Harris, Zelem sin beste ven og lagkamerat i Liverpool, at Zelem var «ein veldig frekk spelar, smart på bana, men også ein risikotakar». Ho starta karrieren som kantspelar, men utvikla seg under den italienske spelestilen i Juventus og tilpassa seg ei meir sentral rolle då ho kom tilbake til Manchester. Ho blir skildra som ein offensiv midtbanespelar med gode ferdigheiter med begge føtene, som både kan slå presise pasningar og avslutte. På det engelske landslaget har ho derimot blitt nytta som defensiv midtbanespelar.

Privatliv Zelem er fødd i Failsworth i England, og dotter av Alan Zelem, tvillingbroren til den tidlegare profesjonelle fotballspelaren Peter Zelem. Hun gikk på The Blue Coat School i Oldham.

Zelem var ein stor beundrar av , og ho blei ein rollemodell for ho som midtbanespelar. Zelem såg på seg sjølv som heldig som fekk spele saman med Williams.

Den 12. juli 2023 blei Zelem røysta inn til PFA Players’ Board, der ho tok over for -spelaren som trekte seg.

Utmerkingar Liverpool : 2013, 2014

Juventus : 2017–18

Manchester United

: 2023–24; andreplass: 2022–23

England andreplass: 2023 : 2022, 2023 Individuell Månedens spelar: Månadens mål: Manchester United Women's Player of the Year: 2018–19 Liverpool Ladies Young Player of the Year: 2014

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Katie Zelem» frå , den 17. mars 2025.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Angel City-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2023 Kategori:Folk frå Greater Manchester