alt=Pia Cramling ved sjakk-OL i Luzern i 1982|miniatyr|Pia Cramling under sjakk-OL i Luzern i 1982 Pia Ann Rosa-Della Cramling () er ein svensk stormeister i sjakk.

I 1992 blei Cramling den femte kvinna som fekk FIDE-tittelen stormeister. Sidan tidleg på 1980-talet har ho vore ein av dei sterkaste kvinnelege spelarane i verda, i tillegg til å ha vore den høgaste rangerte kvinna på verdsrankinga til FIDE ved tre høve. Ho var den best rangerte kvinna i januar 1984, og delte topplasseringa i juli 1984.

Karriere Pia Cramling er fødd i Stockholm. Ho byrja å spele sjakk i ein alder av ti år, og blei med i sjakklubben SK Passanten. Då ho var tolv år gammal deltok ho i sine fyrste konkurransar, og i 1978, i ein alder av 15, representerte ho Sverige i kvinne-OL i Buenos Aires.

Cramling var i ei årrekkje svensk representant ved kadett- og i open klasse. Ho har spelt i sjakkmeisterskapen i Sverige ved fleire høve, i klassen Meisterskapsgruppe. I 2016 skifta gruppa namn til Sverigemästarklassen i samarbeid med .

Cramling er, utanom Judit Polgár som valde å ikkje spele i kvinnelege arrangement, den einaste kvinna som har oppnådd stormeistertittelen før år 2000 utan å ha vunne . Ifølgje Cramling er ei forklaring på dette at verdsmeisterskapen er ein laginnsats og meir leiande sjakknasjonar klarer å gje spelarane sine betre støtte i viktige arrangement. Likevel har Cramling vore i rimeleg tett kamp om krona ved fire høve (alle i forskjellige tiår). I kandidatturneringa for og kom ho på høvesvis fjerde og tredjeplass. Etter at verdsmeisterskapen for kvinner har blitt arrangert med knockout-formatet nådde ho semifinalane i og . Desse sistnemnde resultata kvalifiserte ho til å spele i -serien i høvesvis og . Ho har hatt større suksess i Europa der ho vann for kvinner i 2003 og 2010. I 2006 vann ho Accentus Ladies Tournament i Biel.

I lagkonkurransar representerte Cramling Sverige under Sjakk-OL i både open klasse og kvinneleg klasse, i både open klasse og kvinneleg klasse, telesjakk-olympiaden og i nordisk cup. I har ho vunne individuell gullmedalje som beste spelar på brett 1 (i henhold til ratingprestasjonen) i 1984, 1988 og 2022. I har Cramling vunne gullmedalje i lagspel i 2007, 2008, 2010, 2012, 2013 og 2016 og spelte for laget Cercle d'Echecs i Monte Carlo.

Cramling fekk tittelen internasjonal meister i 1983 og stormeister i 1992. Ho sigra over i turneringa der ho fekk sin fyrste IM-norm. Ho fekk sine tre stormeister-normar i Italia i 1989, i Las Palmas i 1990 og Bern i 1992.

Privatliv Cramling er gift med den spanske stormeisteren . Dei to møtte kvarandre i Zürich i 1984, og gifta seg fire år seinare. Etter Cramling sitt opprykk til stormeister i 1992 blei dei det første sjakkparet der båe partnarane innehar den høgaste tittelen i sjakk. Bellón og Cramling budde i Spania i ei årrekkje, men flytta seinare tilbake til Sverige.

I 1991 deltok Cramling i TV-programmet Snilledrag og etter den oppsiktsvekkjande Netflix-serien har ho snakka om sin sjakkarriere som gjest på både SVT og .

Dottera deira Anna Cramling er ein og sjakk-youtubar og -streamar. Under Sjakk-OL i og spelte både mor og dotter for Sverige. Pia var lagkaptein på brett 1 og Anna spelte på høvesvis brett 5 og 3.

Spelestil Ifølgje Cramling sjølv er styrka hennar som sjakkspelar konsentrasjon. I eit intervju har ho skildra tilstanden sin under spel med orda «då er eg i ei boble og veit ikkje kva som skjer rundt meg». Ho er spesialist på små, konstante, posisjonelle strategiske manøvrar, som til slutt fører til ei betre stilling.

Som kvit spelar Pia Cramling vanlegvis (1.d4 d5).Cramling, ChessGames.com Som svart svarar Cramling vanlegvis med Siciliansk (1...c5) mot opningstrekket 1.e4 og med Dronninggambit (1...d5 2.c4 c6) mot 1.d4.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pia Cramling» frå , den 4. februar 2025.

Kategori:Svenske sjakkspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Europameistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Folk frå Stockholm