Ásthildur Lóa Þórsdóttir () er ein islandsk politikar. Ho var i fire månader før ho trekte seg på grunn av ein skandale knytta til eit seksuelt forhold med ein 15 år gammel gut då ho var i byrjinga av 20-åra. Sidan 2021 har ho vore medlem av Alltinget for .

Utdanning Ásthildur blei uteksaminert fra i 1986 og frå Islands lærarhøgskule i 1994 med ein bachelorgrad i utdanning (B.Ed.). Ho har også eit diplom i og leiarutdanning frå Nordica Consulting Group ved Etter- og vidareutdanningsavdelinga ved Universitetet på Island frå 2016, i tillegg til ein D-nivå IPMA-sertifisering i prosjektleiing frå den islandske foreininga for prosjektleiing (Verkefnastjórnunarfélag Íslands).

Tidlegare karriere Ásthildur jobba som lærar frå 1994 og gjennom mesteparten av sin karriere før ho blei minister.

Oppseiing Den 20. mars 2025 trekte Ásthildur seg som kunnskaps- og barneminister etter ein skandale der ho innrømma eit seksuelt forhold til ein 15 år gammel gut då ho var 22. Dei møtte kvarandre i ei religiøs gruppe kalla Trú og Líf (norsk: Tro og Liv), der ho jobba som kristen ungdomsleiar.

Ásthildur fødde seinare barnet hans då han var 16, og ho var 23.

På tidspunktet for forholdet var på Island 14 år. Men i samsvar med gjeldande lov er seksuelle forhold ikkje tillatt mellom ein person under 18 år og nokon som er deira lærar, mentor eller .

Etter å ha møtt mannen sin, forbaud Ásthildur faren kontakt med barnet deira, men bad om barnebidrag som ho fekk i 18 år.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ásthildur Lóa Þórsdóttir» frå , den 15. mars 2025.

Ásthildur Lóa Þórsdóttir Ásthildur Lóa Þórsdóttir Ásthildur Lóa Þórsdóttir Kategori:Folk frå Reykjavík