Sahle-Work Zewde () er ein etiopisk diplomat som var president i Etiopia frå 2018 til 2024. Ho var den første kvinna som hadde dette embetet. Ho vart einstemmig vald av medlemmene i den føderale parlamentsforsamlinga 25. oktober 2018.
Det amerikanske forretningsmagasinet Forbes rangerte Sahle-Work som nummer 93 på si årlege liste over The World’s 100 Most Powerful Women, noko som gjorde henne til den høgaste rangerte afrikanske kvinna på lista.
Tidleg liv og utdanning Sahle-Work vart fødd i Addis Abeba og har amharsk opphav. Ho er eldst av fire sysken. Ho gjekk på barneskule og vidaregåande ved Lycée Guebre-Mariam i Addis Abeba, før ho studerte naturvitskap ved i Frankrike. Ho snakkar flytande amharisk, fransk og engelsk. Karriere Diplomatisk karriere Sahle-Work var berre den andre kvinna i Etiopias historie som vart utnemnd til ambassadør (den første var ). Ho tente både i under kommunistregimet og seinare i overgangsregjeringa etter borgarkrigen.
Som ein erfaren diplomat var Sahle-Work ambassadør i Senegal frå 1989 til 1993, med ansvar for Mali, Kapp Verde, Guinea-Bissau, Gambia og Guinea. Frå 1993 til 2002 var ho ambassadør i Djibouti og Etiopias faste representant i (IGAD).Ms. Sahle-Work Zewde of Ethiopia – Special Representative to the African Union and Head of the United Nations Office to the African Union (UNOAU) United Nations, press release of 27 June 2018. Djibouti var ein viktig handelsveg for det landlåste Etiopia, noko som gav ho verdifull erfaring med handelspolitikk. Frå 2002 til 2006 var ho ambassadør i Frankrike, fast representant til UNESCO, og akkreditert til Tunisia og Marokko.
Seinare var Sahle-Work Etiopias faste representant til Den afrikanske unionen og SNs økonomiske kommisjon for Afrika (ECA). Ho var òg direktør for afrikanske saker i det etiopiske utanriksdepartement.
Karriere i Dei sameinte nasjonane Fram til 2011 var Sahle-Work spesialutsending for SNs generalsekretær Ban Ki-moon og leiar for SNs integrerte fredsbyggingskontor i Den sentralafrikanske republikken (BINUCA).
I 2011 vart ho utnemnd av Ban til generaldirektør for SNs kontor i Nairobi (UNON). Under hennar leiing vart Nairobi-kontoret eit viktig SN-knutepunkt for Aust- og Sentral-Afrika, ifølgje Africa Yearbook 2012.
I juni 2018 vart Sahle-Work utnemnd av som hans spesialutsending til Den afrikanske unionen og leiar for SNs kontor ved Den afrikanske unionen (UNOAU), med rang som SN-undersekretær. Ho var den første kvinna i denne stillinga. På dette tidspunktet venta mange at ho skulle pensjonere seg.
President i Etiopia
President trekte seg brått 24. oktober 2018, og statsminister valde Sahle-Work som etterfølgjar. Denne utnemninga var ein del av Abiy si satsing på kjønnsbalanse i regjeringa, som han såg som eit steg mot å avskaffe diskriminering i samfunnet. Sahle-Work vart einstemmig godkjend av den føderale parlamentsforsamlinga 25. oktober 2018. Ho var den første kvinna som var president i Etiopia og den fjerde presidenten sidan den føderale demokratiske republikken vart etablert i 1995.George Obulutsa (25. oktover 2018), Ethiopia's parliament approves Sahle-Work Zewde as first female president , Reuters. Ho var venta å tene to seksårige periodar.
Sahle-Work hadde inga erfaring med innanrikspolitikk før ho vart president. Sjølv om stillinga hovudsakleg er seremoniell – den utøvande makta ligg hos statsministeren – var valet av Sahle-Work historisk, då ho vart Etiopias første kvinnelege statsoverhovud sidan keisarinne . Då ho vart president, var ho den einaste kvinnelege statsoverhovudet i Afrika. I 2021 var ho éi av berre to kvinnelege statsoverhovud på kontinentet, saman med Samia Suluhu frå Tanzania.
Den 25. mars 2020 kunngjorde Sahle-Work på Twitter at ho hadde gitt amnesti til over 4 000 fangar i eit forsøk på å avgrense spreiinga av COVID-19-pandemien i Etiopia. Ho gav også amnesti til over 1 500 fangar den 2. april 2020.
Den 19. desember 2020 omgjorde Sahle-Work dødsdommane til dei tidlegare Derg-tenestemennene og Adis Tedla til livstid i fengsel. Dei hadde fått tilflukt i den italienske ambassaden kort tid etter at Derg-regimet fall i 1991 og hadde budd der sidan. Italia nekta å utlevere dei på grunn av si langvarige motstand mot dødsstraff. Berhanu og Adis vart dømde til døden i 2008, men fekk seinare prøvelauslating den 24. desember.
Sahle-Work kravde ei ende på Tigray-krigen mellom den etiopiske regjeringa og (TPLF) gjennom «forhandlingar utan vilkår», sjølv om ho også støtta mottiltak mot TPLF-angrep «med naudsynte middel».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sahle-Work Zewde» frå , den 23. mars 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Etiopiske politikarar Kategori:Etiopiske presidentar Kategori:Etiopiske ambassadørar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar Kategori:Folk frå Addis Abeba