Oppretter David Brown Ltd var eit britisk føretak som produserte tannhjul, girkassar og traktorar. Fabrikkane låg i Huddersfield i Yorkshire. I Noreg er føretaket best kjent for traktorane sine.

Tidlege år mini|Traktorfabrikken til David Brown i Meltham. Føretaket vart stifta som eit familieføretak i 1860, og produserte tannhjul for tekstilindustrienC. Holwell, David Brown tractors, Japonica Press, 2003.. Til å byrja med vart tannhjula laga av hardt tre, men etter kvart gjekk dei over til å produsera tannhjul av metall, fyrst og fremst av stål. Etter ei tid byrja dei å produsera verktøymaskinar for tannhjulsproduksjon. Det vart produsert lager, akslingar og komplette girkassar, som dei selde til fleire ulike kundar. Det vart òg produsert transmisjonar for ymse våpen og for krigsskip. I perioden 1908 til 1915 produserte føretaket ein bil med totaktsmotor, kalla «Valveless». I 1913 stifta David Brown og Timken i USA eit fellesføretak for å produsera snekkedrev. Ved utgangen av 1. verdskrigen hadde føretaket 1000 tilsette. I 1934 stifta David Brown enda eit fellesføretak saman med Richardson Gears i Australia. Eit anna David Brown-produkt var ein transmisjon for stridsvogner.

Samarbeid med Ferguson mini|Ferguson-Brown Type A. mini|Trepunktsopphenget på Type A. Om lag midt på 1930-talet for David Brown (sonesonen til grunnleggaren) på ei forretningsreise til Nord-Amerika og let seg imponera av kor utbreidd bruken av traktor hadde vorte. Han la òg merke til at mange av traktorane som vart selde i Storbritannia var importerte frå Nord-Amerika, og han tok til å grubla på om produksjon av traktorar i England ville vera fornuftig. Mykje av teknologien som trongst hadde føretaket erfaring med frå før og dei hadde produsert mange av komponentane i transmisjonen til prototypen The Black Tractor som Harry Ferguson hadde utvikla. Så då Ferguson spurte om David Brown var interessert i å produsera traktoren var David Brown positive til det.

I 1936 innleidde så David Brown og Harry Ferguson eit samarbeid for å produsera traktoren som Ferguson hadde utvikla. David Brown var ansvarleg for produksjonen og Ferguson stod for marknadsføringa av Ferguson-Brown Type A. Traktoren vart produsert i Meltham, ca. 8 km sør-vest for Huddersfield. Han hade ein 4-sylindra bensinmotor på 20 hk, og motorane til dei 350 fyrste traktorane vart produserte av Standard Motor Company i Coventry. Mot slutten av 1939 var Standard oppteken med store statlege ordrar og fann det ikkje lønsamt å halda fram med å produsera så små seriar av motorane. Det vart då til at David Brown kjøpte støypeformene til Climax-motorane og tok over produksjonen.

Sjølv om traktoren var revolusjonerande, på det viset at han hadde eit hydraulisk trepunktsoppheng med automatisk djupnekontroll av reiskapenC. Fraser, Harry Ferguson — Inventor and pioner, Old Pond, 1972., hadde han òg mange svakheiter. Ei av desse var at huset til girkassen var laga av aluminium, som ikkje var sterkt nok, og fleire av traktorane knakk i to. Eit anna problem var at hydraulikkpumpa til trepunktsopphenget berre fungerte når traktoren var i rørsle, så om reiskapen køyrde seg fast kunne han ikkje løftast. Salet av Type A gjekk treigt, noko som truleg delvis kom av desse problema. Men at kjøparane laut investera i nye reiskapar for å dra fordelar av trepunktsopphenget var truleg ein medverkande grunn.

David Brown ivra for å forbetra traktoren, men Harry Ferguson meinte at traktoren var bra slik han var når det fekk utvikla betre legeringar med auka haldfastheit. Dette førte til gnissingar mellom dei, så David Brown tok til å utvikla sin eigen traktor, utan at han informerte Ferguson om det. Det er ikkje kjend om Ferguson hadde fått nyss om dette, men i 1939 inngjekk han eit samarbeid med Henry Ford, som resulterte i produksjon av Ford-Ferguson 9N. Den siste Ferguson Brown-traktoren var produsert i 1939. Til saman vart det produsert berre 1350 einingar av Type A frå 1936 til 1939.

David Brown sine traktorar fram til midt på 1950-talet

VAK1 (1939-1945) mini|David Brown VAK1. Den fyrste traktoren som David Brown konstruerte på eiga hand vart kalla VAK1, som stod for «Vehicle Agricultural Kerosene». Han vart produsert i Meltham, der produksjonen av Ferguson-Brown hadde føregått. VAK1 var ein kraftigare traktor enn Ferguson-Brown Type A. Motoren var ein 4-sylindra bensin- eller parafin/TVO-motor med våte sylinderforingar og ei effekt på 35 hk ved 2000 o/min. Girkassen hadde fire hastigneiter framover pluss revers. VAK1 var utstyrt med trepunktsoppheng, men på grunn av patenta til Ferguson var det meir primitivt enn på Ferguson-Brown Type A. Trekkstengene var parallelle, så reiskapen var ikkje sjølvsentrerande. Han hadde heller ikke automatisk djupnkontroll, og effektuttak var ekstrautstyr. VAK1 hadde ein skjerm framom føraren som tok av for vêret.

VAK1 vart synt fram på Smithfield-utstillinga i London i desember 1939, og dei fekk rundt 3000 bestillingar. Men på grunn av 2. verdskrig laut David Brown, som andre fabrikkar, produsera krigsutstyr. Det tok difor fleire år før dei bestilte traktorane vart leverte. Det vart produsert 5300 VAK1 i perioden 1939-1945.

VAK 1A (1945-1947) Då krigen var over vart ein forbetra versjon av VAK1, kalla VAK 1A, sett i produksjon. Medan VAK1 hadde rund framaksel kan VAK 1A kjennast att på at framakselen er firkanta. Motoren vart òg oppdatert, med betre smøring og ein betre hastigheitsregulator, og parafin/TVO-versjonen fekk forbetra forvarming av innsugingslufta. Det vart produsert 3500 VAK 1A i perioden 1045-1947.

Cropmaster VAK 1C (1947-1953)

mini|David Brown VAK 1C Cropmaster med bakmontert slåmaskin i Noreg. VAK 1C var ein noko oppdatert og betre utstyrt versjon av VAK 1A. Han kan kjennast att på at skjermane over bakhjula er litt større. Motoren og girkassen var plasser litt til venstre, for at venstre bakhjul som gjekk på upløyd mark, skulle få betre grep ved pløying. Han var opphavleg tilgjengeleg med bensin- og Parafin/TVO-motor, men i 1949 vart han òg tilgjengeleg med dieselmotor. Utstyr som tidlegare hadde vore ekstrautstyr vart standard, slik som effektuttak, hydraulikk og reimskive. I starten hadde ikkje alle versjonane lykter, eller berre ei lykt, med etter kvart vart ljos standard. Diesel-versjonen var noko betre utstyrt enn traktorar utstyrte med forgassarmotorar. Han hadde òg 12 volts elektrisk anlegg, medan dei andre versjonane hadde 6 V anlegg. Ein kunne velja mellom to girkassar, ein med fire og den andre med seks hastigheiter framover. Dieselmotorane vart godt mottekne og mange bygde om traktorane sine frå forgassar- til dieselmotor.

Frå 1950 til 1953 vart det produsert ein versjon kalla Super Cropmaster, med litt kraftigare motor og større hjul. Det vart produsert 5000 av desse. Mellom 1947 og 1952 vart det òg produsert ein smalare versjon, kalla Vineyard Cropmaster, mynta på vindyrkiarar. I 1951 vart det inført ein versjon kalla Prairi Cropmaster, mynta på den Nord-Amerikanske marknaden. Han hadde sidepanel på begge sider av motoren. Det vart produsert 59800 VAK 1C i perioden 1947-1853.

25C, 25D, 30C, 30D og 50D (1953-1959) mini|David Brown 25 1958-modell i Frankrike. I starten på 1950-talet fekk David Brown hard konkuranse frå billigare traktorar. For å verta i stand til å senka prisane innførte dei enklare versjonar av Cropmaster. 25C hadde forgassarmotor med ei effekt på 31 hk og 25D hadde dieselmotor med same effekt. Dette var dei same motorane som i VAK 1C, med redusert effekt. 30D hadde forgassarmotorar på 37,5 hk og 30D hadde dieselmotorar på 34 hk. Patenta til Fergus var enda ikkje utgått, så David Brown hadde ikkje automatisk djupnekontroll. Men i 1954 innførte dei variabel løftekraft på trepunkteopphenget , som dei kalla Traction Control Unit. Reiskapar som plog laut framleis ha djupnehjul, men ved å justera løftekrafta kunne føraren auka marktrykket og slik hindra at drivhjula spann. Det var ikkje like effektivt som djupnekontrollen til Ferguson, men likevel nyttig. Det vart produsert 24742 25C og 25D, og 16073 30C og 30D i perioden 1953-1959.

50D hadde ein 6-sylindra dieselmotor på 50 hk. Han vart rekna for å vera for stor for britiske tilhøve og dei fleste vart eksportet Sør-Amerika, Sør-Afrika og Australia. 50D var tenkt nytta som stordragar og han hadde ikke noko slags hydraulisk system. Det vart produsert 1260 av denne modellen i perioden 1953-1959.

Reiskapsbæraren 2D (1956-1961) mini|David Brown 2D. I siste halvdelen av 1950-talet produserte David Brown ein reiskapsberar, kalla 2D. Han hadde ein 2-sylindra dieselmotor på 14 hk, plassert attom drivhjula. Reiskapsberaren av denne typen var ikkje like populære i Storbritannia som i Tyskland, men David Brown meinte tydelegvis at det var ein marknad for dei. Dei høvde godt for lettare arbeid som radreinsking, på grunna av at føraren hadde særs god oversikt over reiskapen. At dei var lette var òg ein føremon, etter som dei ikkje trykte saman jorda like mykje som ein større traktor. Ein kuriositet ved 2D var at reiskapen vart lyfta med trykkluft i staden for hydraulikk. I motsetnad til olje vert luft komprimerast under trykk og fungerer som da som ei fjør, noko som resulterer i unøyaktig kontroll av reiskapen. Det vart produsert ei rad meg ulike reiskapar for maskina. Men etter som all reiskapen var tilpassa 2D hadde han den ulempa at han ikkje kunne nyttast saman med andre traktorar eller reiskapsbærarar. 2D vart produsert i 1350 eksemplar i perioden 1956-1961.

Nye modellar på 1950- og 1960-talet mini|David Brown 990 med halvbelter og bakmontert totromla vinsj i 1964. mini|David Brown 780 med Duun-bøyle i Noreg. Midst på 1950-talet tok David Brown til å oppdatera traktorane sine. Den fyrste var modell 900, som kom i 1956, og som kunne leverast med bensin-, parafin/TVA- eller dieselmotor på rundt 40 hkDavid Brown 900, salgsbrosjyre,. Girkassen hadde 6 hastigheier framover og 2 attover. Han var utstyrt med effektuttak, og som andre traktorar på denne tida hadde han trommelbremser. På denne tida byrja nokre av patenta til Ferguson å gå ut og David Brown 900 hadde trepunktsoppheng med triangular geometri, slik at reiskapen var sjølvsentrerande. Han skilde seg visuelt frå tidlegare modellar ved at felgane og grillen var blå. Han vart produsert frå 1956 til 1958, i 13779 eksemplar.

I 1959 vart han erstatta med 950 Implematic, som var ein oppdatert versjon som hadde automatisk djupnkontroll. Han vart produsert til 1962 i 18125 eksemplar. I 1960 kom modell 850 Implematic, som hadde litt mindre motor (35 hk). Han var i produksjon fram til 1965, i 14242 eksemplar. Model 850 Implematic var ein 800 med litt kraftigare motor (42 hk). Han vart produsert i 19207 eksemplar i perioden 1961-1965. Model 990 Implematic var ein litt større og kraftigare bygd traktor på 52 hk. Han vart produsert frå 1961 til 1965.

I 1965 kom 770 Selematic, som var ein litt mindre traktor med 33 hk. Selematic slulle indikera at hydraulikken hadde ein vendebrytar med tre stillingar: djupneregulering, posisjonskontroll eller eksternt uttak, som kunne nyttast til tippsylinderen på ein tilhengar, til ein frontlastar, etc. Dette systemet vart frå då av innført på alle modellane. I 1965 bytta David Brown farger på traktorane sine slik at motoren, girkassen og bakakselen vart brune og felgane og panseret vart kvite. Samstundes var motoreffekta til 880 og 990 auka til 46 respektivt 55 hk. Girkassane vart tilgjengelege med 12 hastigheiter framover og 4 attover.

Oppgraderingar på 1970-talet mini|David Brown 1410 med halmpresse.