Zsófia Polgár () er ein ungarsk og israelsk sjakkspelar, lærar og kunstnar. Ho er internasjonal meister og kvinneleg stormeister i sjakk. Ho er mellomsystera til stormeistrane og Judit Polgár. Ho har spelt for Ungarn i fire sjakk-OL og vunne to laggullmedaljar, eit lagsølv, tre individuelle gull og ein individuell bronse.
Biografi miniatyr| Judit, , Zsófia og i 1989 Polgár blei fødd i ein jødisk familie i Budapest. Ho og hennar to systre var ein del av et pedagogisk eksperiment utført av deira far . László ville bevise at barn kunne oppnå eksepsjonelle ferdigheiter dersom dei blei trente i spesialistfag frå ein veldig tidleg alder. Tesa til László var at «geni er skapte, ikkje fødde». Han og kona Klara dreiv av sine tre døtrer, med sjakk som spesialistfag. Dei lærte også døtrene sine det internasjonale språket esperanto. miniatyr| Zsófia Polgár (til høgre) med systera Judit i 1988 I ungdoms-VM i klassen jenter under 14 i 1986 enda ho på andreplass etter og blei erklært verdsmeister for jenter under 14 år.
I 1989, i en alder av 14 år, overvelda Polgár sjakkverda med sin prestasjon under ei turnering i Roma, som blei kjend som «Sack of Rome». Ho vant turneringa, der det deltok fleire sterke stormeistrar, med ein poengsum på 8½ av 9. Ratinga hennar, ifølgje New in Chess, var 2879, ein av dei sterkaste prestasjonane i historia.
Polgár blei nummer to etter i i 1994 i i Brasil.1994 - 33° Campeonato Mundial Juvenil BrasilBase
Polgár spelte for det ungarske landslaget i fire sjakk-OL, og vann flere lag- og individuelle medaljar.
: (reserve) +3–1=3, laggull : (3. brett) +11−1=1, laggull og individuelt gull : (2. brett) +11−0=3, lagsølv, individuelt gull og beste rating : (1. brett) +7−1=6, individuell bronse
I ein periode rangerte Polgár som den sjette sterkeste kvinnelege spelaren i verda. Ho har spelt svært lite FIDE-vurdert sjakk sidan 2003, og ingen sidan 2010. På et tidspunkt slo hun Viktor Korchnoi i et parti hurtigsjakk.https://www.youtube.com/watch?v=TxeiGipoFSEVideo of Sofia Polgar defeating Victor Korchnoi
I løpet av sumaren 1993 vitja Bobby Fischer og familie hans i Ungarn. Alle Polgar-systrene (Judit, og Zsófia) spelte mange parti med Fischer. På eit tidspunkt slo Zsófia Fischer tre parti på rad.
Privatliv Den 7. februar 1999 gifta Polgár seg med den israelske stormeisteren og flytta til Israel. Dei har to barn. Foreldra til Polgár ble seinare med dei til Israel. Ho og familien budde i Toronto ei stund slik at mannen hennar kunne fortsette sine studiar innan medisin. Deretter flytta dei i 2012 tilbake til Israel og busette seg i nærleiken av Tel Aviv.Dette er ifølgje Facebook-profila hennar.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zsófia Polgár» frå , den 27. mars 2025.
Kategori:Ungarske sjakkspelarar Kategori:Israelske sjakkspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Folk frå Budapest