Elisabeth Lønnå () er ein norsk historikar som er spesialist på historia til den norske kvinnerørsla.

Liv og virke Elisabeth Lønnå er dotter av juristen, Ap-politikaren og lokalhistorikaren og kvinnesakskvinna , som var aktiv i Norsk Kvinnesaksforening i 1950-åra.

Lønnå tok hovudfag i historie i 1975 og i 2004 blei ho , begge delar ved Universitetet i Oslo. Ho har i ei årrekkje arbeidd som lektor, og var frå 1993 til 1995 tilsett som forskar ved ved Universitetet i Oslo med eit prosjekt om historia til Norsk Kvinnesaksforening; prosjektet var finansiert av Bente Onsager Lund og resulterte i boka Stolthet og kvinnekamp: Norsk Kvinnesaksforenings historie fra 1913.

Lønnå har vore landsstyremedlem i Norsk Kvinnesaksforening. Ho mottok i 2009 og blei utnemnd til æresmedlem av Norsk Kvinnesaksforening i 2020.

Bibliografi Stolthet og kvinnekamp: Norsk Kvinnesaksforenings historie fra 1913, Oslo: Gyldendal i samarbeid med Norsk Kvinnesaksforening, 1996, ISBN 82-05-24495-2 Helga Eng: Psykolog og pedagog i barnets århundre, Bergen: Fagbokforlaget, 2002, ISBN 82-7674-773-6 Kvinner på kartet: en kulturhistorisk byvandring i Fredrikstad, redigert av Hild Haaheim og Elisabeth Lønnå, Fredrikstad: Hvitveis forlag, 2004, ISBN 82-7549-018-9 Pågangsmot og omsorg: Fredrikstad sanitetsforening 1905–2005, Fredrikstad: Hvitveis forlag, 2005, ISBN 82-7549-021-9 Sjøens kvinner: ute og hjemme, Oslo: , 2010, ISBN 978-82-304-0061-6

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Lønnå» frå , den 30. mars 2025.

Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening Kategori:Vitskapeleg tilsette ved Universitetet i Oslo