Aleksandra Jurjevna Gorjatsjkina () er ein russisk sjakkspelar og stormeister. Ho er rangert som den 3. beste kvinnelege sjakkspelaren i verda etter FIDE-rating, bak og . Hennar topprating på 2611 gjer ho til den fjerde høgaste rangerte kvinna i sjakkhistoria, og den høgaste rangerte russiske kvinna nokonsinne. Gorjatsjkina konkurrerte under finalen i , men tapte i i hurtigsjakk mot Ju Wenjun. Ho er også tre gongar russisk meister i sjakk for kvinner, høvesvis i 2015, 2017 og 2020. I august 2023 vann ho FIDEs verdsmeisterskap for kvinner etter å ha sigra over i tiebreak.
Gorjatsjkina har to sigrar frå for jenter, og i ein alder av 13 år ble Gorjatsjkina den tredje yngste kvinnelege stormeister gjennom tidene, berre bak Hou Yifan og . I 2018 blei hun den femte yngste kvinna som har mottatt stormeistertittelen.
Nokre av dei beste prestasjonane til Gorjatsjkina har vore under Russian Championship Higher League der ho scora 5½ av 9 poeng i både 2018 og 2020 og med endt rating på 2713 og 2656. I Russian Team Championship Higher League scora ho 6 av 8 poeng i 2019 og enda med ei rating på 2670.
Tidleg liv og bakgrunn miniatyr|Gorjatsjkina med sin far Jurij i 2015 Aleksandra Gorjatsjkina blei fødd 28. september 1998 i Orsk i Orenburg oblast i Russland. Mora og faren er båe erfarne sjakkspelarar. Faren hennar er med ei FIDE-rating på 2395. Mora er ein russisk idrettsmeisterkandidat i sjakk med ein topp FIDE på 2210. Faren hennar er også sjakktrenar og offisiell FIDE-trenar. I tillegg har Gorjatsjkina ein 12 år yngre syster, Oksana, som også er sjakkspelar.
Trass for bakgrunnen til foreldra var Gorjatsjkina i utgangspunktet ikkje interessert i sjakk, men føretrekte i staden aktivitetar som dans og bordtennis. Ho blei derimot etter kvart meir interessert i sjakk og byrja å spele i ein alder av seks. Då Gorjatsjkina gjekk i barnehagen tok faren ho med til kveldssjakkskulen for barn. Ifølgje mora lærte Gorjatsjkina i stor grad medan ho såg på førelesingane til faren frå sidelinja. Faren hennar enda opp som hennar fyrste trenar. Gorjatsjkina var i stand til å sigre over mora si i ein alder av ni, og faren ikkje lenge etter. Etter hennar fyrste verdsmeisterskap for ungdom flytta Gorjatsjkina og faren til Salekhard i Sibir i 2011, slik at ho kunne trene ved Anatolij Karpovs «Polar Chess School», der faren hennar også skulle jobbe som trenar. Etter omtrent eit år flytta mora og hennar yngre syster også til Salekhard. På Polar Chess School byrja ho å trene med stormeisteren .
Sjakkarriere 2008–14: To gongar juniorverdsmeister miniatyr|Gorjatsjkina på Tata Steel Chess Tournament i 2013 Gorjatsjkina hadde stor suksess under og , og var generelt ein av dei høgaste rangerte spelarane under desse turneringane. Ho vann til saman fem gullmedaljar i jentemeisterskapane, i divisjonen under 10 i 2008, divisjonen under 14 år i 2011, og divisjonen under 18 år i 2012, og to i divisjonen under 20 i 2013 og 2014. Ho vant også ein bronsemedalje i 2009 og enda 1½ poeng bak etter 11 rundar. Gorjatsjkina vann gull i divisjonane under 10, under 14 og under 20 som toppseeda i desse arrangementa. Hennar beste prestasjon under desse turneringane var i 2011, der ho scora ein perfekt score på 9/9. I løpet av turneringa sigra ho over dei neste tre beste plasserte spelarane, inkludert bronsemedaljevinnar Khademalsharieh. Gorjatsjkina enda med ei rating på 2313. Gorjatsjkina vann igjen over Khademalsharieh sitt andre verdsmeisterskap for jenter i 2014, og enda 1½ poeng føre etter 13 rundar. Gorjatsjkina hadde liknande suksess i . Etter å ha vunne ein sølvmedalje i 2009 , vann ho gull i 2010, 2011 og 2012.
Gorjatsjkina nådde fyrst ei FIDE-rating over 2000 i januar 2009 som 10-åring. Ho fekk 60 ratingpoeng av å vinne det russiske PriFR under 18-arrangementet i 2008. Hennar største rangeringshopp var i 2011, då ho steig nesten 300 poeng frå 2045 til 2333. Etter å ha oppnådd tittelen kvinneleg FIDE-meister fekk ho 48 ratingpoeng. Ho konkurrerte deretter i sitt fyrste og scora 5½ av 11 poeng, og vann blant anna over den kvinnelege stormeisteren . Gorjatsjkina følgde opp suksessen ved å kome på delt fyrsteplass under Czech Open, og hamna på ein klar fyrsteplass under Ljudmila Rudenko Memorial. Under Czech Open mottok hun tittelen Kvinneleg internasjonal meister og fekk også ein kvinneleg stormeister-norm.
Etter gjennombrotsåret i 2011 fortsette Gorjatsjkina å jamleg stige i rating i 2012, og nådde 2400 for fyrste gong i januar 2013. Tidleg i 2012 oppnådde ho ytterlegare to kvinnelege stormeister-normar, derav den siste kom under hennar andre europameisterskap. Sidan ho allereie var rangert over 2300 blei hun ein av dei yngste kvinnelege stormeistrane i historia i ein alder av 13 år, 5 månader og 14 dagar, litt over eit år bak som oppnådde bragden då ho var 12 år og 3 månader gammal.
Gorjatsjkina opprettheldt ei rating på rundt 2400 i 2013 og 2014, og nådde så høgt som 2441 i desember 2014. Ho deltok i i i januar 2013 og scora nær botnen med 3½ av 13 poeng. Ho valde å konkurrere i open klasse under den russiske meisterskapen i 2013 og enda på ein andreplass med 6½ av 9 poeng. Takka vere ein delt andreplass under Women's Russian Championship Higher League kvalifiserte ho for fyrste gong seg til superfinalen av den russiske kvinnemeisterskapen. Der scora ho 4½ av 9 poeng og enda på ein delt fjerdeplass. Året etter scora ho 5½ av 9 poeng og enda på ein delt tredjeplass. Gorjatsjkina oppnådde også ein internasjonal meister-norm i 2013 og 2014 under høvesvise European Individual Women's Chess Championship og i open klasse under European Individual Chess Championship. I 2014 sigra ho over og , to stormeistrar som båe var rangert over 2600.
2015–18: Stormeister og dobbelt russisk meister miniatyr|Gorjatsjkina (i midten) etter superfinalen under den russiske kvinnemeisterskapen i 2017 Gorjatsjkina var nær ved å nå ei rating på 2500 i løpet av 2015, men oppnådde ratinga først i januar 2016 som 17-åring. Ho fekk sin tredje og siste IM-norm under European Individual Championship i 2015. Sjølv om ho mottok fleire normar i løpet av dei neste åra blei ho aldri offisielt tildelt tittelen Internasjonal meister. Gorjatsjkina debuterte i der ho blei slått ut i andre runde av Anna Muzytsjuk. To av hennar beste resultat i 2015 kom mot slutten av året, då ho blei russisk kvinnemeister og vann den russiske cupen for kvinner for andre gong. Ho vant superfinalen under den russiske kvinnermesiterskapen med ein poengsum på 8 av 11 (+6–1=4) medan ho framleis berre var 16 år gammal. Med denne prestasjonen fekk ho også sin fyrste stormeister-norm.
Etter å ha passert 2500 falt Gorjatsjkina tilbake til rundt 2400 i mai 2016 og nådde ikkje 2500 igjen før i juni 2018. Ho mottok ikkje fleire stormeister-normar i 2016, og fekk i beste fall tre ekstra overflødige IM-normar. Ho klarte ikkje gjenta førre års prestasjon under superfinalen i den russiske kvinnemeisterskapen i 2016 og scora berre 5 av 11 poeng. Gorjatsjkina bedra ratinga sin igjen i 2017. Sjølv om ho nok ein gong tapte i andre runde av fekk ho ein stormeister-norm under europameisterskapen for kvinner. Ho kapra sølvmedaljen i turneringa, og enda med ein poengsum på 8/11, eit ½ poeng bak . Mot slutten av året vann Gorjatsjkina sin andre russiske kvinnemeisterskap. Ho sigra over Natalja Pogonina i eit sluttspel i hurtigsjakk etter at dei enda på delt fyrsteplass med 7 av 11 poeng.
Gorjatsjkina klatra tilbake til ei rating på 2500 i løpet av 2018, og nådde ei ny topprating på 2535 i august. I april fekk ho sin tredje og siste stormeister-norm under Aeroflot Open A. I løpet av turneringa scora ho 4½ av 9 poeng (+1–1=7) mot ni spelarar rangerte mellom 2571 og 2625, inkludert åtte stormeistrar. Ho blei den femte yngste kvinna som fekk stormeistertittelen då ho var 19 år og 5 månedar gammal. Som fersk stormeister hadde ho nok ei auking i rating under Russian Championship Higher League i august, og fekk 26 ratingpoeng etter ein enda poengsum på 5½ av 9 og ei rating på 2713 mot motstandarar som alle hadde rating over 2600. Med denne aukinga i rating blei ho også blant dei topp 10 beste kvinnene gjennom tidene. Ho tapte derimot under andre runde av og enda på ein delt tredjeplass under den russiske kvinnemeisterskapen. 2019–: VM-utfordrar miniatyr|Gorjatsjkina (til venstre) og , vinnarane av superfinalen i den russiske meisterskapen i 2020. Gorjatsjkina fekk tilbake de fleste ratingpoenga ho tapte i dei føregåande månadene i byrjinga av 2019. Ho scora 6½ av 11 under europameisterskapen i 2019, og markerte seg særleg etter ein siger over som då hadde ei rating på 2701. Ho gjorde deretter eit stort gjennombrot under Kandidatturneringa som blei gjenoppliva i samband med oppløysinga av utslagsformatet som hadde blitt brukt dei siste to tiåra. Gorjatsjkina vann overlegent turneringa med 1½ poeng. Ho scora totalt 9½ av 14 poeng og vann med to rundar igjen i kraft av å ha 9 poeng og ei leiing på 2½ poeng etter tolv rundar. Med ei dominerande rating på 2666 rykka ho opp til nr. 3 i verda, berre bak og den regjerande verdmeisteren for kvinner Ju Wenjun. Ho vann også moglegheita til å utfordre Ju i verdmeisterskapen.
Under var fyrste omgang i Kina og andre omgang i Russland. I Kina vann Ju og Gorjatsjkina kvart sitt parti med kvit. I Russland tok Gorjatsjkina leiinga i den åttande runden før Ju vann to rundar på rad, der den andre var den einaste sigeren med svart i turneringa. Likevel vann Gorjatsjkina det siste klassiske partiet og turneringa måtte avgjerast med ein serie på fire tiebreak-kampar i hurtigsjakk. Etter at Gorjatsjkina ikkje klarte å ta fordelen av gode vinnarsjansar i det fyrste partiet med svart, vann Ju den tredje kampen med kvit. Ettersom dei andre tiebreak-kampane enda med remis, vann Ju kampen og beheldt verdsmeistertittelen.
I 2021 scora Gorjatsjkina 6,5 av 9 poeng under Open Russian Championship Higher League. Med dette resultatet kvalifiserte ho seg til den 74. russiske superfinalen.
I august 2023 vann Gorjatsjkina mot .
Lagkonkurransar Ungdomsarrangement Gorjatsjkina sin fyrste ungdomslagssuksess var då ho leia Russland til ein gullmedalje med ein perfekt poengsum på 3 av 3 poeng på fyrstebordet under EM for jenter under 18 år i 2012. Ho spelte på andrebordet under i klassen under 16. Russland enda på andreplass rett bak India. Individuelt enda Gorjatsjkina på ein fjerdeplass på andrebordet, og vann gullmedalje for jenter. Ho vann også briljantprisen for sin sjuande runde med svart mot på grunn av eit farleg offerspel med eit tårn og ein springar på kongesida.
Internasjonale arrangement miniatyr|Gorjatsjkina under sjakk-OL i 2016 Gorjatsjkina har representert Russland i kvinneklassane ved , og i sjakk-OL. Ho debuterte på det russiske kvinnelaget på reservebordet ved EM i lagsjakk i 2013, og scora 2½/5 og bidrog til at Russland vann ein sølvmedalje, rett bak Ukraina. Hennar neste store landslagsdeltaking var under verdsmeisterskapen for kvinner i 2015 der ho scora 5/7 og sikra seg ein sølvmedalje på fjerde bord. Seinare på året spelte ho ved bord tre i EM for kvinner, og vann både individuell- og laggull.
Gorjatsjkina gjorde sin OL-debut i på det tredje bordet. Ho presterte ikkje veldig bra og scora 4,5/9 med ei rating på 2328 og ein fjerdeplass for det russiske laget. I sitt andre verdensmesterskap i lagspill i 2017 vann Gorjatsjkina sitt fyrste laggull, og spelte på fjerde bordet bak , og . Ho vann bronse ved fjerde bord. Russland vann nok ein gullmedalje under EM seinare på året, det Gorjatsjkina igjen spelte på det fjerde bordet.
Nasjonale arrangement Gorjatsjkina har også representert sin region JaNAO under den russiske lagmeisterskapen. Dei hadde ingen gode resultat frå 2013 til 2015, og enda på sisteplass i 2014 og 2015. Gorjatsjkina spelte på tredje bord alle desse åra og presterte bra i 2015 med ei rating på 2638.
Historiske prestasjonar