Frik med fela er ei barnebok frå 1917 av Halvor Floden. Bakgrunn Det var den tredje barneboka til Floden. Da boka kom ut, hadde han byrja som lærar på Hernes skule den same hausten, etter fleire år på andre skuler i Elverum. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916. Dei hadde på denne tida 4 barn, fødd 1907–1915.Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
På same måte som med Fagerlia to år tidlegare, vart boka skriven medan Floden måtte sitje i ro og hente seg inn att etter ein skade med øks. Sønene hans meiner at rømminga i boka er basert på røynsler Floden sjølv har frå livet som lærar.
Boka var ei av tre nynorske barnebøker dette året. Ho gjekk som føljetong i Norsk Barneblad frå juni til desember 1917.
Innhald Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd. Hovudpersonen Frik er foreldrelaus og eit legdebarn, «og det fører til at han automatisk får skulda for alt som går gale i bygda». Han er bortsett til Eline, som «gir ham lite mat og mye arbeid. Lærerinnen er den eneste som forstår,» oppsummerer Beate Kraggerud i en artikkel om Floden. Redsla for fattigkassa, og for å bli avhengig av bygda, er eit sentralt motiv i Flodens dikting. Andre kallar det «fallet ut av familien».
Frik er er positiv og oppfinnsam gutt som kjem til kort i skulen og bygdesamfunnet. Han trekker seg inn i ei fantasiverd der han held skule for fugleungar. Halldis Moren Vesaas skreiv i eit minneord om Floden at Frik både er meir einsam og har større fantasi enn andre av Flodens romanpersonar. På fantasiplanet blir Frik ein helt som viser omsorg for mange slags dyr.
Når Friks oppfinnsemd fører han inn i ei knipe, rømmar han til skogs i lag med den yngre naboguten Per (6 år). Boka ender med at lærarinna finn han att og tar omsorg for han.
Tittelen er ein referanse til folkeeventyret om Veslefrikk, og det er lærerinna i boka som samanliknar Frik og Veslefrikk, fordi han har ein medrivande fantasi.
Omtale Litteraturhistorikaren Gunvor Risa har samanlikna Frik med Paa sjølvstyr (1892) av Rasmus Løland i dette at begge bøkene skildrar positive barn som bygda ikkje har plass til. Halldis Moren Vesaas skreiv at det som gjør sterkast inntrykk på en vaksen lesar er Friks redsel for at ingen vil ha han og vise omsorg for han. Litteraturhistorikaren Sonja Hagemann meinte at dette kanskje var Flodens mest «helstøpte bok»; Hagemann og andre meinte at den var eit angrep på eit samfunnssystem som sette bort barn.. Artikkelen står óg i Ei bok om Halvor Floden, 1984
Meldaren i Unglyden meinte at Frik er «gullgod og gaaverik», men blir eit offer for tankeløyse og «vrange livshøve». Meldaren i Teledølen, lærar Henrik Karstad, meinte at Floden «kjenner barnesjæli». Også «J.A.R.» i Indlandsposten meinte at Floden utmerker seg ved sin «fine forstaaelse av de dypere strenger i barnenaturen», og at boka kunne lesast som eit «alvorsord til opdragere: Krænk ikke barnet!». Meldaren «A.F.» i Den 17de Mai oppfatta Frik som ein kunstnarsjel med «villskot i hugen». Aasbjørn Slettemark skreiv om boka i Nordre Bergenhus Folkeblad; han meinte at boka eigna seg både for barn og vaksne, og at han sjølv «var på graaten fleire gonger avdi eg hadde slik samhug med denne fatige far- og morlause guten som hadde slikt hjarta for alt som hadde det vondt».
Boka i ettertid Boka er omsett til svensk (Frik rymmer till Morialand, 1947), engelsk (Frick. Story for children, 1926), nederlandsk (Frik en zijn vriendjes, 1944) og tysk (Frik unde seine Freunde, 1932).
Boka vart dramtisert til eit høyrespel i tre episodar som vart sendt i NRK Radio i desember 1955.
Utgåva fra 1979, i Samlagets serie Mine beste bøker, var illustrert av Arne Bendik Sjur.
Referansar
Kategori:Norsk barnelitteratur Kategori:Bøker frå 1917