mini|Verknaden av stiv kuling på sjøen Stiv kuling er vindstyrke 7 i Beaufortskalaen og den midterste av kulingkategoriane. Vindsnøggleiken er 13,9 til 17,1 m/s eller 51-62 km/t for stiv kuling. Den eldre sjønemninga var trereva kuling.
Verknad på land Heile tre rører på seg. Det er tungt å gå mot vinden.
Verknad i fjellet I motvind må ein lute seg fram over skia og legge stor kraft i stavtaka, sjølv på flat mark. Det kan vere vanskeleg å halde seg på beina i vindkasta. Snøfokk set ned sikta til få hundre meter. Det kan vere vanskeleg å orientere seg i terrenget. Ein skitur i stiv kuling er ein stor påkjenning på dei fleste.
Verknad på sjøen Sjøen hopar seg opp til bølgjehøgder på 4,5-5 meter og kvitt skum som dannast frå bølgjetoppane som bryt, byrjar å blese i strimer i vindretninga.
Andre språk Språk Namn Svensk Hård vind (på land), styv kuling/kultje (til sjøs) Dansk Stiv kuling Færøysk Hvassur vindur Islandsk Allhvasst Engelsk High wind, moderate gale eller near gale
Kjelder
Kategori:Vind