Johan Martinius Antonsen Dokka () var ein norsk byråkrat og politikar frå Kongsberg som representerte kjøpstadene i Buskerud og partiet Venstre i Stortinget 1931–1933.

Dokka var frå ein gard i Jondalen. Sjølv fekk han jobb hos ein sakførar i Kongsberg by. I 1912 søkte han seg over i det kommunale, med di han vart tilsett som rekneskapsførar for elektrisitetsverket i Kongsberg. Han arbeidde i selskapet som kontorsjef heilt fram til 1948.

Dokka sat i Kongsberg bystyre frå 1920 til 193?, samt medlem i skulestyret frå 1926. Hausten 1930 vart han vald til å representere kjøpstadene Drammen, Hønefoss og Kongsberg i Stortinget, vald på ei fellesliste for Høgre og Venstre. På Stortinget fekk han setet i Administrasjonskomiteen.

Kjelder

Stortinget 1931-33 Laagendalsposten 30. august 1971

Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Folk frå Kongsberg