Piviar (Contopus) er ei biologisk slekt av små sporvefuglar som er medlemmar av tyrannfamilien (Tyrannidae). Som gruppe er desse seksten artane utbreidde over det meste av dei amerikanske kontinenta, men har fråvære frå Chile og frå det meste av Argentina.

Etymologi Slekta Contopus vart introdusert av den tyske ornitologen Jean Cabanis i 1855 med austpivi som typeart. Slektsnamnet er ein kombinasjon av dei gammalgreske orda kontos «stong» eller «skaft» og pous «fot».

Kjenneteikn Fuglane i denne slekta er tyrannidear som varierer i storleik frå små (13 cm i lengd, t.d. nordtropepivi, kvitstrupepivi) til middels store (18 cm, t.d. storpivi og sotpivi), med mørkt og dempa fjørdrakt, i nyansar av brun, grå eller blågrå. Dei har vanlegvis raudaktige auge og litt lysare underside enn overside (strupe, bryst og buk), i grått eller mørkare tonar. Alle har ein diskret fjørtopp. Dei sit oftast oppreist på greiner i skogkantar, der dei raskt flyg ut for å fange insekt. Nokre artar er langdistansetrekkfuglar og forlèt hekkeområda i Nord-Amerika i løpet av den boreale vinteren, og dreg sørover til det sentrale Sør-Amerika.

Habitat og utbreiing

Mange av piviartane føretrekk opne eller halvopne skogsområde med tilgang til høge utkikkspunkt.​ Som insektetarar jaktar dei typisk ved å sitje på opne greiner og fange bytte i lufta. Dei er tilpassingsdyktige og kan utnytte både primærskog og menneskepåverka landskap. Habitatet deira strekkjer seg frå lågland til montane område, med artar som storpivien (C. pertinax) funne i høgder opp til 3000 meter.

Fire artar er trekkfuglar som hekkar i Nord-Amerika, to av dei så langt nord som i Alaska, tre av dei fire overvintrar i Sør-Amerika sør til sentrale Bolivia. Landistansetrekkfuglane er tilpassa og utnyttar eit breitt spekter av habitatpreferansar. Tolv artar er mest stasjonære, av dei er fire øyartar og to artar er avgrensa til Costa Rica og litt inn i vestlege Panama.

Artsoversyn Slekt Contopus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert alle artane som livskraftige:

Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Autor Utbreiing140pxJakkepiviContopus cooperi(, 1831)120px140pxStorpiviContopus pertinax, 1860120px140pxSotpiviContopus lugubris, 1865120px140pxRøykpiviContopus fumigatus(, 1837)80px140pxOkerpiviContopus ochraceus, 1869120px140pxVestpiviContopus sordidulus, 1859120px140pxAustpiviContopus virens(, 1766)120px140pxSørtropepiviContopus cinereus(, 1825)100px140pxNordtropepiviContopus bogotensis(, 1850)100px140pxQuechuapiviContopus punensis, 186980px140pxKvitstrupepiviContopus albogularis, 196280px140pxKokspiviContopus nigrescens, 188080px140pxKaribpiviContopus caribaeus(, 1839)120px140pxHispaniolapiviContopus hispaniolensis(, 1867)120px140pxJamaicapiviContopus pallidus(, 1847)120px140pxAntillpiviContopus latirostris(, 1866)120px Kjelder

Første versjon av denne artikkelen var baset på «Contopus» frå , den 22. april 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyrannfamilien Kategori:Fuglar i den neotropiske regionenKategori:Fuglar i den nearktiske regionen Kategori:Fugleslekter