Hans Inge Skadberg () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Sola. Han vart noregsmeister 1985 og seriemeister 1986 og 1989 med Stavanger IF. Han spelte venstrekant.

Karriere Klubbspel Skadberg melde seg inn i Stavanger IF i 1978 og var aktiv på handballaget til ut 1989. Siste halvdelen av 1980-åra var laget eit av dei beste i Noreg. 14. desember 1985 vann SIF over SK Rapp i cupfinalen. Deretter sikra Stavanger IF seg fyrsteplassen i 1. divisjon i 1986 og på ny i 1989. Frå 1990 til 1992 var Skadberg spelande trenar i Sola Idrettslag på nivå 2.

Landslagsspel I tida frå 1. februar 1983 til 14. februar 1986 deltok Skadberg i 53 av Noregs landskampar. Han debuterte og avslutta mot Island, begge oppgjera enda med norsk tap. 6 av dei 67 landslagsmåla skåra han då Noreg slo Island 24–23 den 1. juli 1985.

Merittar Noregsmeister: 1985 for Stavanger IF Seriemeister: 1986 og 1989 for Stavanger IF

Kjelder

Rogalands Avis 23. september 1978 Rogalands Avis 13. juli 1994 handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Sola