mini|250x250pk|Relieffvegger rundt toaletta i Operahuset i Oslo beståande av eit logisk og dynamisk geometrisk mønster laga av Olafur Eliasson. Olafur Eliasson (fødd 1967 i København, Danmark) er ein islandsk-dansk biletkunstnar. Frå 1989 til 1995 studerte han ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Arbeidet hans er representert i mange private og offentlege samlingar, inkludert i Guggenheim Museum i New York og Los Angeles Museum of Contemporary Art. Han har laga relieffvegger ved toaletta i Operahuset i Oslo.Lars Elton: VG-dom over operakunsten Artikkel i VG onsdag 9. april 2008, side 40-41 Han har også teikna den karakteristiske fasaden til konsert- og operahuset Harpa i Reykjavík som opna i 2011.
Med utstillinga si The Weather Project i Tate Modern i London i 2003 markerte han nordisk kunst på Dei britiske øyane. Same året representerte han Danmark på Veneziabiennalen. Eliasson bur og arbeider i den tyske hovudstaden Berlin. I 2008 fekk installasjonen «New York City Waterfalls» brei omtale, mellom anna i tidsskriftet Newsweek.Artikkel i tidsskriftet Newsweek om Urban Waterfalls Installasjonen bestod av fire fossar i New York City og varte frå 26 juni til 13. oktober 2008
Eliasson har teikna den nye Cirkelbroen i København over Christianshavns kanal. I Noreg er Eliasson representert med kunstverket Viewing Machine ved skulpturparken til Kistefos-Museet.
Prisar og utmerkingar
2004 – Nykredits ArkitekturprisNykredits Arkitekturpris 2004 – Eckersbergmedaljen 2005 – Prins Eugen-medaljenSamtliga mottagare av Prins Eugen-medaljen Det svenske kongehuset. 2010 – Riddarkrossen av Dannebrogordenen 2013 – Thorvaldsenmedaljen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olafur Eliasson» frå , den 3. mai 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå København Kategori:Mottakarar av Thorvaldsenmedaljen Kategori:Danske kunstnarar Kategori:Islandske kunstnarar Kategori:Kunstnarar frå 1900-talet Kategori:Kunstnarar frå 2000-talet