Tone Merete Kluge () var ein lærar og handballspelar frå Flisa i Hedmark. Ho vart noregsmeister 1972 med Brandval IL. Kluge var målvakt.
Kluge dreiv med friidrett før ho byrja spele handball på topplaget Brandval i 1966. I 1972 vann laget finalen i noregsmeisterskapen. Ho var aktiv i Brandval-mannskapet til 1980. Gjennom eit par tiår var ho handballtrenar, ei tid tilsett i handballforbundet, og forfatta i 1990-åra fleire bøker om handball og trening.
Kluge fekk sin landslagsdebut 30. november 1969, då Noreg vann 10–6 over Sverige. I november 1970 var ho med då Noreg vart nordisk meister i handball. Kluge deltok i sin 26. og siste landskamp 23. november 1973. I desember var ho med i troppa til Handball-VM 1973, utan å kome i spel.
Kjelder våre minnesider handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske handballtrenarar Kategori:Folk frå Åsnes