Aust på Kronskogen og andre soger er ei barnebok frå 1928 av Halvor Floden. Det er ei novellesamling med fire noveller: «Aust på Kronskogen», «Krone», «Babels taarn» og «Steinsprenging». Bakgrunn Boka kom ut etter at Floden hadde blitt lærar i Hernes i 1917. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916. Dei hadde fem barn, fødd 1907–1920.Halvor Floden; Historisk befolkningsregister

Tittelnovella hadde gått som framhaldssoge i bladet For Bygd og By frå november 1927 til februar 1928. Novella «Krone» hadde stått i Norsk Barneblads julenummer Joletre i 1926, med teikning av Jens R. Nilssen. Innhald Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga i novellane lagt til austnorske skogbygder.

«Kronskogen», eller «Kronens skog», i tittelnovella er eit dialektnamn på statskog og statsallmenningar. I Flodens heimbygd Trysil utgjer statsskogen 14,1 % av skogarealet, og det meste er samla i Ljørdalen, aust i kommunen. Også i Sverige er «Kronoskogar» namnet på statens skogeigedomar, og i tittelnovella er dei to hovudpersonane Hein og Geir på ei bjørnejakt som fører dei over på verna statsskog på svensk side.

I novella «Krone» må guten Steinar våge mykje for å hjelpe mora på den avsidesliggjande garden med å berge den einaste kua frå tvangsauksjon. Fattigdomen og barns reaksjon på denne, er «eit tydeleg sosialt motiv» som er vanleg i Flodens bøker.. Artikkelen står óg i Ei bok om Halvor Floden, 1984

Omtale Meldaren Torgeir Valle i bladet Midnattsol la vekt på tittelnovella, og meinte at boka var «ekte gutefrisk» og «inderleg fri for sentimentalitetar». Meldaren Conrad Claussen i Bergens Arbeiderblad trakk óg fram den «spanande og farefulle ferdi» i tittelnovella, og la merke til at sjølv skumle svensker kan ha gode sider. I Sogn Avis skreiv «P.S.H.» at skildringane av «den veldige Kronskogen er levande og fyrstehands».

Meldaren Strilegjenta i unglyden meinte at novella «Krone» burde finnast i alle norske lesebøker. Dei fleste bokmeldingane la mest vekt på tittelnovella eller dei to første novellene. Fleire peikte på at den første novella er for ungdom, medan dei siste er for yngre barn.

I Østlendingen skreiv Sigurd Nergaard rosande om den sterke, ubøyelege viljen hjå Flodens hovudpersonar.

Referansar

Kategori:Norsk barnelitteratur Kategori:Bøker frå 1928