Malm Orstad AS var eit føretak, stifta i 1946 i Klepp kommune på Jæren, som utvikla og produserte mekanisk og hydraulisk utstyr. Då det på 1950-talet kom frontlastarar for traktorar tok dei til med produksjon av skuffer. I 1958 tok dei til å produsera eigne frontlastarar og vart etter kvart den nest største produsenteni Noreg. Som mange andre føretak i Rogaland tok òg Malm Orstad til med produksjon av utstyr til oljeindustrien, og produksjonen av frontlastarar tok slutt i 1989. Føretaket opplevde sterk vekst og vart i 2020 kjøpt av Tysværføretaket Imenco.

Referansar R. Heieren, Norske frontlastere i hopetall, Traktor, 28. desember 2023. E. Skarsaune og O. Heimsvik, Malm Orstad solgt til Tysvær-selskap, Stavanger Afterblad, 7. januar 2020.

Kategori:Tidlegare frontlastarprodusentar Kategori:Norsk industrihistorie Kategori:Tidlegare norske føretak