Sukarno () var den fyrste presidenten i Indonesia. I fleire kjelder står han oppført som Ahmed (eller Achmed) Sukarno, men på Java er det ikkje uvanleg å berre ha eitt namn. Sukarno var far til den seinare presidenten Megawati Sukarnoputri.
Liv og virke
Bakgrunn Sukarno, opphavleg Kusno, var fødd i Surabaja som son av ein aristokratisk javanesisk skulelærar, Raden Soekemi Sosrodihardjo, og den balinesiske kona hans, Ida Ayu Nyoman Rai, som var av brahminkaste frå riket Buleleng. Etter å ha overlevd ein alvorleg sjukdom fekk han namnet Sukarno - slike namneskifte følgjer indonesisk skikk. Frå ungdommen var han oppteken av politikk.
Politisk engasjement I 1927 grunnla Sukarno partiet Perserikatan Nasional Indonesia (PNI), som i 1929 endra namnet til Partai Nasional Indonesia. Som leiar for PNI var Sukarno ved sida av Mohammad Hatta den leiande skikkelsen i den nasjonalistiske rørsle i Indonesia. PNI motsette seg samarbeid med den nederlandske koloniregjeringa, og ville oppretta ei eining innanfor grensene til den nederlandske kolonien Ost-Indien.
President Sukarno og Hatta erklærte den nye republikken etter at Japan kapitulerte ved enden av andre verdskrigen, den 17. august 1945. Sukarno blei vald til president, og hadde denne tittelen frå 1949 til 1967. Nederland godtok ikkje sjølvstendet til Indonesia før i 1949.
Styret til Sukarno støtta seg ideologisk på dei tre søylene nasjonalisme (indonesisk nasionalisme), religion (agama) og kommunisme (komunisme), forkorta Nasakom. Regjeringstida hans var likevel kjenneteikna av spenningar mellom kommunistar og islamistiske krefter. På grunn av dei aukande spenningane støtta Sukarno seg i aukande grad på militæret som stabiliserande faktor. Frå 1959 styrte Sukarno over Indonesia som diktator, og i 1963 lét han seg velja til president på livstid.
Politikken hans var sterkt nasjonalistisk orientert, og på det økonomiske området var han delvis inspirert av kommunismen.
Det braut ut borgarkrig og fann stad massakrar, i det Suharto og antikommunistiske generalar skulda det indonesiske kommunistpartiet for å stå bak eit kuppforsøk i 1965. Hæren og muslimske kampfellar tok i løpet av få månader livet av mange hundretusen kommunistar og dei ein meinte støtta dei, og av politiske motstandar i det store og heile. Samtidig kom hundreårige antipatiar mor det kinesiske mindretalet på øyane til uttrykk med massedrap på kinesarar.
Sukarno blei skrittvis svekka, og blei heilt fråteken makta i 1967 av general Suharto ved eit blodig kupp som var støtta av USA og Storbritannia. Sukarno blei sett i husarrest i Wisma Yaso (no Satriamandala Museum), der helsa hans forverra seg då han ikkje fekk passande medisinsk tilsyn. Han døydde av nyresvikt i Jakarta militærsjukehus 21. juni 1970, 15 dagar etter at han fylte 69.
Ettermæle I 2005 blei Sukarno posthumt utnemnd til den sørafrikanske Ordenen O.R. Tambos følgjesvennar.
9. september 2024 oppheva det indonesiske stortinget (MPR) offisielt Resolusjon nr. XXXIII/MPRS/1967 som var blitt nytta til å fjerna Sukarno frå makta og stenga han ute frå politikken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sukarno» frå , den 29. mai 2025.
Kategori:Indonesiske presidentar