Odd Bjørndahl Larsen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Han vart noregsmeister 1979/80 med Sportsklubben Rapp. Larsen var rykkromspelar.
Karriere Klubbspel Larsen melde seg inn i SK Rapp sommaren 1974. I mars 1980 var han med på å vinne NM-finalen mot Nordstrand IF på bortebane i Oslo. Frå 1982 til -84 var han spelande trenar i Stavanger IF. Dei neste fire sesongane var han atter aktiv i Rapp. I desember 1985 var han med på å tape NM-finalen mot nettopp sine tidlegare lagkameratar i SIF. Frå 1988 til 1990 spelte Larsen på SK Wing sitt lag, også då i 1. divisjon.
Landslagsspel Larsen debuterte mot Nederland 10. september 1978 og avslutta med landslaget 1. mars 1981 mot Austerrike. På sine 42 landskampar skåra han 124 mål.
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Trondheim