Joachim-Friedrich Martin Josef Merz () er ein tysk politikar frå Brilon som sidan 6. mai 2025 har vore den tiande forbundskanslaren i Forbundsrepublikken Tyskland. Han er medlem av Den kristeleg-demokratiske union (CDU).
Merz var medlem av Europaparlamentet frå 1989 til 1994 og medlem av den tyske forbundsdagen 1994-2009 og sidan 2021. 2000-02 og 2022-25 var han formann for CDU/CSUs parlamentariske gruppe i Forbundsdagen og dermed leiar for opposisjonen i forbundsdagen. I tida 2009 til 2021 arbeidde som advokat og påverkar av politikken (lobbyist).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Friedrich Merz» frå , den 31. mai 2025.
Kategori:Tyske kanslarar Kategori:Tyske politikarar