Cornelius Karlstrøm () var ein norsk gardbrukar, tømrar, funksjonær og politikar frå Talvik i Finnmark. Han var ordførar 1946–51 i Talvik og representerte Finnmark i stortinget 1950–53.
Far hans, som var frå Sverige, dreiv gard og fiske i Talvik. Sjølv dreiv han i unge år med tømmerhogst. Sidan arbeidde han som bygningsmann, også etter han i 1936 rydda og bygde eige gardsbruk. Perioden 1932–41 deltok han i oppsynet av fiskeria i Finnmark. Frå 1944 til 1963 hadde han bierverv som likningsfunksjonær i Talvik.
Karlstrøm var medlem i kommunestyret frå 1931 til 1955, frårekna krigsåra. Han var ordførar i seks av åra, 1946–51. Ei tid var han formann i skulestyret, styreformann 1948–49 i Alta Kraftlag og på ny 1958–69, formann i fylkeslandbruksstyret i Finnmark 1957-68. Åra 1952–61 var han styremedlem i Distriktenes utbyggingsfond.
Han var farfar til stortingsrepresentant Randi Karlstrøm.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cornelius Karlstrøm» frå , den 2. juni 2025.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Ordførarar i Talvik