Tsjuvansk var eit jukagirsk språk som blei tala i austlege Sibir. Det danna eit dialektkontinuum med dei to gjenlevande jukagirske språka, nordjukagirsk og sørjukagirsk. Språket døydde truleg ut i eller før 1700-talet. Dei einaste restane av språket er 22 frasar nedskrivne av I. Bentsing, og ei ordliste på 210 ord nedskriven av Fjodor Matjusjkin. Språkdøden til tsjuvansk kom av at tsjuvanarar gjekk over til å bruka luoravetlansk og russisk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tsjuvansk» frå , den 4. juli 2021.
Kategori:Jukagirske språk Kategori:Utdøydde språk i Asia