Dione Housheer () er ein nederlandsk handballspelar frå Gendringen. Ho vart verdsmeister 2019 med Nederland og vann meisterligaen 2025 for Győri ETO. Housheer er høgre rykkromspelar.

Karriere Klubbspel I perioden 2016–2018 spelte Housheer på VOC Amsterdam. Her var ho med på å verte nederlandsk seriemeister begge sesongane og cupmeisterskapen i 2018. Frå 2018 til 2021 var ho aktiv i danske Nykøbing Falster, eit lag som i desember 2018 vann den nasjonale cupfinalen. Dei neste tre åra gjorde ho teneste i Odense Håndbold. Med Odense vart ho dansk seriemeister i 2021 og 2022. Sommaren 2024 flytta ho til ungarske Győri ETO. Med Győri ETO vann ho i 2025 den ungarske seriemeisterskapen og finalen i EHF-meisterligaen. Med sine 6 fulltreffarar var ho ein av tre toppskårarar i finalen, Kari Brattset og Estelle Nze Minko dei to andre.

Landslagsspel Housheer debuterte på Nederland sitt landslag 28. oktober 2017. I desember 2018 var ho med i troppa som sikra Nederland bronse i europameisterskapen 2018. Eitt år seinare var ho med då Nederland tok seg heilt til finalen i verdsmeisterskapen 2019, og slo Spania 31–29 i finalen. Housheer spelte inga avgjerande rolle i desse turneringane. Per juni 2025 har ho delteke i 111 kampar og skåra 375 landslagsmål.

Merittar Verdsmeister: 2019 med Nederland EM-bronse: 2018 med Nederland Vinnar av EHF-meisterligaen: 2025 for Győri ETO Nederlandsk seriemeister: 2017, 2018 med VOC Amsterdam Nederlandsk cupmeister: 2018 med VOC Amsterdam Dansk cupmeister: 2018 for Nykøbing Falster Dansk seriemeister: 2021, 2022 for Odense HB Ungarsk seriemeister: 2025 for Győri ETO

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dione Housheer» frå , og «Dione Housheer» frå , den 16. juni 2025.

Kategori:Nederlandske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball