Johnny Appleseed () var ein amerikansk pioner-gartner og misjonær, fødd som John Chapman i Leominster i Massachusetts. Han introduserte epletre dyrka frå frø til delstatane Ohio, Indiana og Illinois, og blei legendarisk på grunn av den venlege oppførselen og dei gode taleevnene sine.
Han er skildra i ei rekkje kunstnariske verk. Forfattaren Lydia Maria Child skreiv eit dikt om han i 1880:
Låtskrivaren Vachel Lindsay gav ut dikt om Johnny Appleseed i 1921, 1923, 1927 ig 1928. Eit av desse danna grunnlag for eit prisvinnande kor- og orkesterverk av Eunice Lea Kettering, Johnny Appleseed.
I 1933 skreiv Rosemary Carr Benét og Stephen Vincent Benét om Appleseed i barnediktboka A Book of Americans.
I Disney-filmen Melody Time frå 1948 opptrer Appleseed i eit animert musikalsk segment med tittelen The Legend of Johnny Appleseed.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Johnny Appleseed» frå , den 20. juni 2025.
Kategori:USA-amerikanske misjonærar Kategori:Folkeheltar Kategori:USA-amerikanske gartnarar