Dina Ercilia Boluarte Zegarra () er ein peruansk advokat og politikar som blei president i Peru den 7. desember 2022. Boluarte er den fyrste kvinnelege presidenten i Peru. Ho tiltredde etter eit mislykka kuppforsøk av tidlegare president Pedro Castillo.
Liv og virke
Bakgrunn Boluarte blei fødd 31. mai 1962 i byen Chalhuanca i den peruanske regionen Apurímac. Som lita jente flytta ho med foreldra til hovudstaden Lima. Seinare studerte ho rettsvitskap ved Universidad de San Martín de Porres, og arbeidde som advokat.
Ho budde i nokre år i Mexico, fram til ho i 2007 blei avdelingsleiar ved det peruanske folkeregisteret RENIEC (Registro Nacional de Identificación y Estado Civil). venstre|mini|Eidsavlegging som visepresident.
Politikar I 2018 stilte ho som kandidat for partiet Perú Libertario (seinare kalla Perú Libre) ved borgarmeistervalet i Surquillo, men blei ikkje vald. Vel to år etter stilte ho med presidentkandidat Pedro Castillo som hans visepresidentkandidat. Dei vann, og den 29. juli 2021 tiltredde ho som visepresident. Same dag gjorde Castillo henne dessutan til minister for utvikling og sosial inkludering i regjeringa si.
I januar 2022 uttalte Boluarte i eit intervju med avisa La República at ho aldri hadde omfamna ideologien til Perú Libre. Generalsekretæren i partiet, Vladimir Cerrón, ekskluderte seinare Boluarte frå partietComité Regional de Lima de Perú Libre expulsa a Dina Boluarte por “falta grave” , larepublica.pe, 23. januar 2022, lest 20. april 2022 og skreiv på Twitter: «Alltid lojale, aldri forrædarar».
25. november 2022 trekte ho seg som minister for utvikling og sosial inkludering, men heldt fram med å vere visepresident.
President I desember 2022 prøvde president Pedro Castillo å oppløysa parlamentet i Peru, og byrja å styra ved dekret. Dette enda med at Castello blei avsett og arrestert, og det blei vedteke at Castillo skulle stillast for riksrett for kuppforsøk.
Dina Boluarte tiltredde då i stillinga som Perus president etter hendinga, og er den første kvinnelege presidenten i landet.Peru’s Dina Boluarte Sworn in as First Female President After Castillo Exit Bloomberg L.P.. Hentet 8. desember 2022. I 2024 hadde Boluarte rekordlåg støtte frå berre 5 % av befolkninga, den lågaste oppsluttinga i historia til Peru.
I den fyrste talen sin til parlamentet oppmoda ho om «nasjonalt samhald», og fordømde handlingane til Castillo.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dina Boluarte» frå , den 22. juni 2025.
Kategori:Advokatar Kategori:Peruanske presidentar Kategori:Folk frå Lima