mini|265x265pk|Plakett til minne om harpespelarane. Belfast Harp Festival, av samtidige skribentar kalla The Belfast Harpers Assembly,Sara C. Lanier, «"It is new-strung and shan't be heard": nationalism and memory in the Irish harp tradition». in: British Journal of Ethnomusicology; Vol. 8, 1999 var eit tre dagar langt musikalsk og patriotisk arrangement frå 11. til 14. juli 1792 i Belfast i Irland. Det blei skipa av leiande medlemmar av det lokale Society for Promoting Knowledge (Linen Hall Library): Dr. James MacDonnell, Robert Bradshaw, Henry Joy og Robert Simms. Edward Bunting, ein ung organist med klassisk opplæring, fekk i oppdraget å skriva ned dei førti melodiane som blei spelte av ti harpistar som deltok ved festivalen. Desse melodiane kom til å utgjera størstedelen av verket hans General Collection of the Ancient Irish Music frå 1796.Irish Music; XXVII Møte blei halde i The Assembly Room på Waring Street i Belfast som var opna som eit marknadshus i 1769.

Harpemøtet blei arrangert til støtte for Belfast Charitable Society, men fall saman med feiringa av Bastilledagen i byen, med mange av dei same støttespelarane. Feiringane omfatta marsjeringa av lokale militsgrupper (Irish Volunteers) med flagg og banner som hylla den franske deklarasjonen om menneskerettar, amerikansk fridom og den nye polske grunnlova. Dei enda med allmøte og resolusjonar til støtte for katolsk frigjering og reform av det britiske parlamentet.

Festivalen blir sagt å ha markert byrjinga på eit lang samband mellom nordlege protestantar og den gæliske gjenopplivinga. På 1790-talet kom interessa for den irske harpa frå ein kombinasjon av kulturelle og politiske motiv. Den franske revolusjonen gav mot til presbyterianarar i Bordaust-Irland, som søkte å alliera seg med det katolske fleirtalet i landet mot den anglikanske («protestantiske») makteliten og til fordel for ei representativ nasjonal regjering. Anerkjening av den gæliske fortida som ein felles arv blei sett på som å gå over det sekteriske skiljet og vera eit merke på ein særskilt og karakteristisk irsk kultur. Dette styrka kravet om større autonomi frå England.

Forløpar I juli 1784, åtte år før harpespelarane kom til møtet i Belfast, blei den fyrste av tre årlege harpekonkurransar, kvar med ball og middag, halden i Granard i County Longford. Han blei understøtta av John Dungan, ein rik katolsk handelsmann som budde i København i Danmark, og som hadde ville støtte «det originale instrumentet» i heimlandet sitt. Premiane han gav til dei beste spelarane blei utbetalte av Michael Dungan (sannsynlegvis bror hans), som var sekretær for den patriotiske Volunteer-gruppa i Granard. Blant harpistane som var engasjerte var Arthur O'Neill og Charles Fanning, som også skulle ta del i det seinare møtet i Belfast.Byers (2022), pp. 11-17

Harpespelarar Som i Granard, var det uttrykkelege målet med festivalen i Belfast å samla dei gjenverande tradisjonelle harpespelarane til å konkurrera om premjar, og åta vare på og skriva ned den døyande irske harpetradisjonen og verk frå han. Ti irske harpistar og ein walisisk harpist tok del, og dei spelte mange melodiar. Dei blei skrivne ned av Edward Bunting,Sara C. Lanier, «"It is new-strung and shan't be heard": nationalism and memory in the Irish harp tradition». in: British Journal of Ethnomusicology; Vol. 8, 1999 og seinare gjevne ut av han i A General Collection of the Ancient Music of Ireland i 1796.

Donnchadh Ó Hámsaigh (Denis Hampson), blind (County Londonderry), 96 år gamal, spelte med lange, krokete neglar. Arthur O'Neill, blind (County Tyrone), vinnar av andreplassen for «The green woods of Truagh». Charles Fanning (County Cavan), vinnar av førsteprisen for «The coulin, or Cúilfhionn». Dan Black, blind (Derry) Charles Byrne (County Leitrim) Hugh Higgins, blind (County Mayo) Patrick Quinn, blind (County Armagh) William Caer (Armagh) James Duncan (County Down) Rose Mooney, vinnaren av tredjeplassen, blind (County Meath) Williams, fornamn ukjent (Wales)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Belfast Harp Festival» frå , den 25. juni 2025.

Kategori:Kultur i 1792 Kategori:Hendingar i Belfast Kategori:Irsk kultur