Henrik Horneman () var ein norsk gardbrukar frå Trondheim. Han var 1827-28 stortingsmann frå Søndre Trondhjems amt.
Horneman, som var bror til Christian Horneman, reiste i unge år mykje utanlands. Etterkvart tok han over som eigar av Rein kloster etter far sin, og budde på eigedomen sommarstida. Vintrane heldt han hus i Hornemansgården i Trondheim. I 1827 møtte han i Stortinget der han var medlem i komiteen for budsjett- og skattestell og for jordbruk og fedrift. Horneman møtte også omframtstortinget 1828. Han døydde ugift på Rein kloster.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet