Theodor Wiesegrund Adorno () var ein av dei fremste filosofane, kultur- og samfunnsgranskarane i Tyskland etter andre verdskrigen. I 1960-åra var han den klåraste utfordraren til både Karl Popper sin vitskapsfilosofi og Martin Heidegger sin eksistensfilosofi. Jürgen Habermas, Tysklands fremste samfunnsfilosof etter 1970, var Adorno sin elev og assistent.
Framveksten av nasjonal-populistisk politikk har ført til fornya interesse for Adorno sine tankar omkring sosialpsykologi, massemedia og antisemittisme. Omfanget av Adornos innverknad kjem av den tverrfaglege karakteren i forskinga hans ved Institutt for samfunnsforsking, Universitetet i Frankfurt. Det kjem òg frå hans verksemd som filosof og kritisk teoretikar, frå hans omfattande musikkteori og hans rolle som ein framståande kultur- og samfunnskritikar og offentleg intellektuell i Vest-Tyskland.
Kjelder
Kategori:Tyske filosofar Kategori:Tyske sosiologar Kategori:Folk frå Frankfurt am Main