Johan Julius August Johnsen () var ein norsk embetsmann og politikar, fødd i Stokke i Vestfold.

Johnsen var son til ein skipsførar. Sjølv tok han vegen til Aars og Voss-skulen i Kristiania, og vart deretter cand.jur. i 1875. 1877-79 var han sorenskrivarfullmektig og 1879-80 fungerande sorenskrivar i Larvik. Åra 1880-89 var han sakførar i Larvik og 1890-1900 sorenskrivar og fut i Varanger. Til sist var han byfut i Tønsberg.

Johnsen var 1884-88 med i formannskapet i Larvik, ordførar i byen dei to siste åra. 1898-1900 representerte han dei tre kjøpstadene i Finnmark i Stortinget, og var medlem i Protokollkomiteen. I partipolitikken sokna han til Høgre-partiet.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Ministerialbok for Trefoldighet prestegjeld 1912-1929

Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Folk frå Stokke Kategori:Norske juristar