Generasjonspartiet (GP) er eit norsk politisk parti som vart skipa i Bergen den 7. oktober 2020 og registrert i Partiregisteret den 8. januar 2025. Gyda Oddekalv har vore partileiar sidan mars 2023.

Partiet vil ha eit direktedemokrati der folket kan vera med å taka politiske avgjersler ved å røysta igjennom ein app. Det har vidare fokus på infrastruktur, beredskap, rettferd, natur og miljø. Partiet er imot overnasjonal styring og semjer som set vekk norsk sjølvråderett.

Bak skipinga av partiet stod Karstein Birkeland og Frank Bruland.

Partiet stilte lister ved Stortingsvalet 2021, der det fekk 88 røyster i Hordaland og 112 røyster i Akershus.

Ved kommunestyrevalet 2023 stilte partiet liste i Bergen, der det fekk 870 røyster utan å oppnå representasjon.

Partiet stiller til val i alle fylka i landet ved Stortingsvalet 2025.

Valresultat ÅrstalMengd røysterDelMandatStortingsvalet 20211990,0 %0Kommunestyrevalet 20238700,0 %0

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Generasjonspartiet» frå , den 27. juli 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 2020 Kategori:Norske politiske parti