Sverre Arnold Kile () er ein tidlegare symjar frå Bergen som i 1969 vart nordisk meister på 1500 meter fri og tildelt to kongepokalar. Han var son til Svein M. Kile og medlem i Bergens Svømme Club.

Kile vann 2 gullmedaljar ved NM langbane 1969, 3 gullmedaljar i NM langbane 1970, 4 gullmedaljar i NM langbane 1971 og 5 gullmedaljar i NM langbane 1972. Åra 1971 og 1972 fekk han kongepokal for beste mannlege prestasjon i meisterskapane. I Nordisk meisterskap i symjing 1969 i Östersund vann Kile 1500 meter fri og tok sølvmedaljen i 400 m fri. Under europameisterskapen 1970 vart han nummer seks i 1500 meter fri og nummer sju i 400 m fri. Frå den nordiske meisterskapen 1971 i Reykjavik reiste han heim med 2 sølvmedaljar. Han deltok i Sommar-OL 1972 i München på 400 meter fri, utan å vere i nærleiken av finaleplass. Etter sommarleikane la han opp. Kile sette i alt 24 norske rekordar, medrekna kortbane. Flest rekordar sette han i frisymjing, men også i medley forbetra han norske rekordar og var elles ein flink butterfly-symjar.

Kjelder Store norske leksikon

Kategori:Norske symjarar Kategori:Folk frå Bergen