Ole Lund () var ein norsk jurist og politikar, fødd i Christiania, som var stortingsmann 1871-73.

Ole Lund vart cand.jur. frå universitetet i 1856. 1857-60 var han sorenskrivarfullmektig i Stjørdalen og Værdalen. År 1860 flytta han til Hammerfest og dreiv som overrettssakførar. Frå 1865 var han medlem i bystyret, i mange år var han ordførar i finnmarksbyen. 1871-73 representerte han Tromsø og kjøpstadene i Finnmark på stortinget. Der var han sekretær i så vel Lagtinget som i Militærkomiteen. I 1872 var med i deputasjonen til 1000-årsjubileet i Haugesund og året etter deltok han som utsending ved kongekryninga i Trondheim.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Hammerfest Kategori:Folk frå Oslo