Thomes Thomesen () var ein norsk kjøpmann og politikar frå Kragerø som 1862-64 representerte kjøpstaden i Stortinget. Han var far til Fernanda Nissen.

Thomes Thomesen var son til ein kjøpmann og bror til Ole Thomesen. Sjølv fekk han opplæring i handel og språk gjennom opphald i Altona, England, Frankrike, Holland og Riga over ein periode på 4-5 år. Sidan kjøpmann i heimbyen, og tillegg skipsreiar og eigar av eit skipsverft i Sannidal. Han flytta frå Kragerø i 1877, og busette seg nokre år seinare i Kristiania.

Thomesen var 1845-77 medlem i Kragerø bystyre, med unnatak frå seks år. Han var ordførar 1865 og 1867, medlem i formannskapet i åtte år. 1862-63 møtte han i Stortinget der han var medlem i Næringskomite nr. 2. I 1864 deltok han på omframtstortinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Kragerø