Under Triumfbogen ligg grava til den ukjende soldaten i Paris. Ein soldat frå fyrste verdskrigen vart jordfesta her i 1920 som representant for alle som fall for Frankrike i denne krigen. På grava brenn det alltid ein seremoniell flamme.

Historie Ideen om ei grav tileigna ein ukjend soldat voks fram rundt den same tida i Frankrike og Storbritannia. I november 1916 la ein lokal leiar i den franske krigsminneorganisasjonen Le Souvenir français, François Simon, fram ideen om å gravleggja ein fallen krigar med gravskrifta «ein soldat» i Panthéon. I november 1918 blei eit formelt framlegg om å æra ein slik ukjend soldat lagt fram i parlamentet, som støtta ein slik lov i september 1919.Jean-Yves Le Naour, Le soldat inconnu : la guerre, la mort, la mémoire, Gallimard, 2008, s. 20.

I november 1920 blei parlamentet samde om å gravleggja denne soldaten ved Triumfbogen. Ein veteran frå første verdskrigen, 21-årige Auguste Thin, fekk i oppdrag å velja ut ein av åtte ukjende døde henta frå hovudslagmarkene frå krigen. Dei utvalde leivingane blei høgtideleg tekne til Triumfbogen den 11. november 1920. Dei blei gravlagde ved ein seremoni 28. januar 1921. 11. november 1923 tende krigsminister André Maginot ein seremoniell flamme ved grava. Flammen er sidan blitt tend att kvar dag ved ein militær seremoni.

Galleri

Sjå òg Grav til ein ukjend soldat Triumfbogen i Paris

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Monument og minnesmerke i Frankrike Kategori:Skulpturar i Frankrike Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1920