Daniel O'Donnell () er ein irsk songar, TV-vert og filantrop. Etter gjennombrote sitt i Irland og Storbritannia i 1983 har han òg hatt betydeleg suksess i USA og Australia. I 2012 blei han den første artisten som hadde eit nytt album på dei britiske hitlistene kvart år i 25 år på rad.
Bakgrunn O'Donnell voks opp i landsbyen Kincasslagh i The Rosses vest i County Donegal i Irland. Han var den yngste av fem ungar. Songaren Margo var ei eldre syster. Faren døydde av hjarteinfarkt då O'Donnell var seks år gammal.
Karriere I 1980 drog O'Donnell til Galway for å studera økonomi. Han fann seg ikkje til rette, og ved juletider var han blitt med i bandet til systera Margo, som allereie hadde byrja ein musikalsk karriere.
I 1983 bestemte O'Donnell seg for å spela inn sin eigen musikk. 9. februar 1983 spelte han inn den fyrste singelen sin, «My Donegal Shore» av Johnny McCauley, med 1200 pund av sine eigne pengar. Seinare det året skipa han sitt eige band, Country Fever. Etter at dette bandet blei oppløyst skipa han The Grassroots. I 1985 såg manageren for plateselskapet Ritz, Mick Clerkin, han opptre og introduserte han for Sean Reilly, som har vore manageren hans sidan.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Daniel O'Donnell» frå og «Daniel O'Donnell» frå , den 8. september 2025.
Kategori:Irske musikarar