Benguela er ein hamneby i Angola. Byen er hovudstaden i provinsen Benguela og har kyst mot Atlanterhavet i vest. Benguela ligg omtrent 400 km sør for Luanda. Byen er ein av dei største i Angola.

Det blir dyrka kaffi, mais, tobakk, sukkerrøyr og sisal i området rundt byen, og det blir eksportert ein del varer frå hamna.

Historie Byen blei grunnlagd i 1617 av portugisarane, og var lenge eit sentrum for slaveri.

Benguela var startpunktet for den portugisiske oppdagaren Serpa Pinto sin ekspedisjon for å kryssa Sør-Afrika i 1877.

I 1931 blei det opna ei jernbanelinje mellom Benguela i Angola og kopargruvene i Zaire; linja fekk namnet Benguela-banen. Dette var det fyrste jernbanesambandet mellom austkysten og vestkysten av Afrika. Banen blei øydelagd under borgarkrigen i Angola, men delvis gjenoppbygd etter at det blei inngått våpenkvile i 1991.

På siste halvdel av 1900-talet eskalerte konfliktnivået internt i Angola, og då dei portugisiske styresmaktene trekte seg ut i 1975 og overlét den tidlegare kolonistaten til sjølvstyre, braut det ut borgarkrig. I 1993 vedtok SN å stasjonera fredsbevarande styrkar frå kontingenten UNAVEM II til mellom anna Benguela-området. Borgarkrigen rasa i Angola i fleire tiår. I 1994/1995 blei det inngått ein fredsavtale, men kampane heldt likevel fram i fleire år etterpå.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Benguela» frå , den 11. september 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1617 Kategori:Byar i Angola Kategori:13°E Kategori:12°S