Argiope er ei slekt edderkoppar i familien hjulspinnarar. Ho omfattar kring 75 artar i tempererte og tropiske område i heile verda.

Skildring Hannar er mindre enn hoer og har asymmetriske markeringar. I paringstida byggjer hannen eit nett ved sida av det til hoa. Etter paring legg hoa 400 til 1400 egg i eggsekkar. Dei nye edderkoppane blir klekka om hausten, men gjennom vinteren held dei til i eggsekkane sine. Eggsekken består av fleire lag silke og vernar edderkoppen inni frå skade. Likevel finst det fleire parasittiske insekt som lever i eggsekkane.

Som dei fleste andre edderkoppar er artar frå slekta ufarlege for menneske, sjølv om dei kan bita i forsvar. Dei lever mest av insekt, og kan ta bytte som er dobbelt så store som dei. Eit individ av arten A. savigny blei observert då det åt ei lita flaggermus (Rhynchonycteris naso).Timm, Robert M. & Losilla, Mauricio (2007): Orb-weaving Spider, Argiope savignyi (Araneidae), Predation on the Proboscis Bat Rhynchonycteris naso (Emballonuridae). Caribbean Journal of Science 43(2): 282–284. PDF

Kjelder Timm, Robert M. & Losilla, Mauricio (2007): Orb-weaving Spider, Argiope savignyi (Araneidae), Predation on the Proboscis Bat Rhynchonycteris naso (Emballonuridae). Caribbean Journal of Science 43(2): 282–284. PDF

Bakgrunnsstoff

Kategori:Edderkoppar