Mackinacbrua (engelsk Mackinac Bridge, uttala ) er ei hengebru i Michigan i USA. Ho går over Mackinacsundet (engelsk Straits of Mackinac) mellom Michigansjøen og Huronsjøen, og knyter saman dei to halvøyane i Michigan – Lower Peninsula (LP) og Upper Peninsula (UP). Ho går frå Mackinaw City (LP) til St. Ignace (UP). Brua vert ofte kalla «Mighty Mac» eller «Big Mac».

venstre|mini|Mackinacbrua sett frå Mackinaw City.

Planane om å byggje ei bru over sundet kom allereie på 1880-talet, men Mackinacbrua stod ikkje ferdig før i 1957. Ho var då ei av dei lengste hengebruene i verda, og er på heile 2626 meter.

Sjefsingeniør for konstruksjonen var David B. Steinman, og selskapet American Bridge Company stod bak. Fem arbeidarar døydde da ein bygde brua.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad YouTube - Mackinaw Bridge view from the top Mackinac Bridge Home

Kategori:Michigan Kategori:Hengebruer i USA Kategori:Skipingar i 1957 Kategori:Vegbruer i USA