Beatrice Chebet () er ein kenyansk friidrettsutøvar som tevlar på langdistansane. Ho vart olympisk meister på 5 000 og 10 000 meter under Sommar-OL 2024 i Paris, og verdsmeister på dei same distansane ved VM i friidrett 2025 i Tokyo. Chebet sette verdsrekord på 10 000 m med 28.54,1 den 25. mai 2024 i Eugene i Oregon. Eitt år seinare vart ho same staden den fyrste kvinna som sprang 5 000 meter under 14 minutt, då ho kom i mål 13.58,0.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beatrice Chebet» frå , den 5. oktober 2025.
World Athletics
Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Olympiske meistrar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024