thumb|250px|Mjosundet og Grisvågøya lengst i bakgrunnen
Mjosundet er eit sund mellom Rottøya og Ertvågsøya i Aure kommune i Møre og Romsdal.
Mjosundbrua kryssar sundet og er ein del av vegsambandet mellom fastlandet og Ertvågsøya. Mjosundbrua er 346 meter lang. Ho vart opna i 1995 og er ein del av riksveg 680.
Namnet Mjosundet blir òg bruka om den bygda som ligg langsetter sjølve Mjosundet.
Gardar i Mjosundet Om ein definerer Mjosundet litt vidt, så kan ein hevda at følgjande hovudbruk ligg i Mjosundet, frå sør mot nord; Hållå, el. Espvika, gnr. 8. Djupbugen og Sundsbøen, gnr. 7. Rottøya gnr. 6. Lurvika gnr. 5. Giset, gnr. 4. Klaksvika, gnr. 3. Ånesbugen, gnr. 2 og Ånesset, gnr. 1.
Dei fleste av desse gardane var frå gamalt mensalgods. Det vil seia at leigeinntekta skulle tilfalla presten i Aure. Rottøya hadde delt landskyld mellom prest og kyrkje, medan Espvik eller Hållå, så langt attende vi kjenner eigedomshistoria, var krongods og truleg utskild frå Ertvågen. I Aslak Bolts jordebok frå om lag 1430 er det nemnd ein gard som vert kalla Sunde i området Mjosundet. Truleg kan denne garden ha omfatta både Sundsby, Lurvika og Rotøya i eldre tid (før svartedauden). Garden som er nemnd framom Sunde er Bergfall og som neste gard er nemnd Giset (Gisætre).
Industri Mjosundet Båt og Hydraulikk AS Sletta Verft AS
Kjende mjosynningar Ola Aarsund (tyskfele)
Kjelder
Todal, A., 1963. Munch, P. A., Aslak Bolts Jordebog, Kristiania, 1852.
Bakgrunnsstoff Bilete av Mjosundbrua Kart frå hvor.no
Kategori:Geografi i Aure Kategori:Ertvågsøya Kategori:Sund i Møre og Romsdal