Shimon Sakaguchi () er ein japansk immunolog, æresprofessor ved Universitetet i Kyoto og professor emeritus ved . Han er kjend for å ha oppdaga dei regulatoriske T-cellene og for å ha skildra rolla deira i immunsystemet – eit arbeid han i 2025 vart tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin for, saman med to andre.

Liv og virke Shimon Sakaguchi vart fødd 19. januar 1951 i Nagahama i Shiga-prefekturet.Shimon Sakaguchi facts nobelprize.org

Sakaguchi tok medisinsk embetseksamen (M.D.) og doktorgrad (Ph.D.) ved Universitetet i Kyoto. Frå 1983 til 1987 dreiv han postdoktoral forsking i USA, ved Johns Hopkins University og Stanford University, som ein Lucille P. Markey-stipendiat. Han arbeidde deretter som assisterande professor ved immunologiavdelinga ved Scripps Research Institute. I 1991 returnerte han til Japan og vart leiar for avdelinga for immunopatologi ved Tokyo Metropolitan Institute of Gerontology. Frå 1998 til 2011 var han professor og seinare direktør ved Institute for Frontier Medical Sciences ved Universitetet i Kyoto. I 2011 vart laboratoriet hans flytta til Universitetet i Osaka.

Den 6. oktober 2025 fekk Sakaguchi Nobelprisen i fysiologi eller medisin, saman med Mary E. Brunkow og Fred Ramsdell, «for deira oppdagingar knytte til perifer immunologisk toleranse.»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shimon Sakaguchi» frå , den 7. oktober 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Japanske immunologar Kategori:Japanske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i medisin Kategori:Folk frå prefekturet Shiga