Iver Christian Rostad () var ein norsk handelsmann som representerte kjøpstadene i Troms og Finnmark på omframstortinget 1858 og kjøpstadene i Finnmark på Stortinget 1859-60.
Rostad var frå Trondheim, son til ein feiarmeister. Etter å ha vore huslærar i to år på Ørlandet og deretter tre år i Tromsø, flytta han i 1835 til Hammerfest. Dei to fyrste åra vikarierte han som kyrkjesongar i byen. Frå 1841 dreiv han handel i hovudsak med fisk og tran. Han var dessutan med å utruste turar til ishavet. 1857-72 postekspeditør i Hammerfest, deretter dampskipsekspeditør.
Rostad var varaordførar 1838-41, deretter tidvis ordførar og varaordførar i perioden 1845-60. Forlet bystyret for godt i 1881. Også forlikskommissær i lang tid. I 1848 var han med å skipe den fyrste sparebanken i Hammerfest. 1866 var han sentral då eit boktrykkeri kom i gong, redaktør 1866-71 av Finnmarksposten.
Rostad møtte i 1858 på omframtstortinget som varamann for Andreas Aagaard og valkrinsen Tromsø, Hammerfest og Vadsø. 1859-60 hadde han fast sete i Stortinget, vald frå Hammerfest og Vadsø. Han var då medlem i Lagtinget og Vegkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Folk frå Hammerfest