Cupfinalen i fotball 1984 var den 79. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Etter som finalemøtet mellom Fredrikstad Fotballklubb og Idrettslaget Viking frå Stavanger den 22. oktober enda uavgjort 3–3, måtte det omkamp til før Norges Fotballforbund kunne tildele kongepokalen til vinnaren av fotballturneringa.

I den fyrste finalekampen kom Viking framom i 22. minutt då spissen Gary Goodchild og FFK-backen Jan Erik Audsen i fellesskap tuppa ballen over målstreken. Fredrikstad-spissen Jørn Andersen utlikna i det 42. minutt.78 minutt ut i kampen når Vidar Hansen eit innlegg og sender FFK i føring. Berre to minutt seinare slår Isak Arne Refvik eit innlegg som Fredrikstad-målvakta slår inn i målburet. I ekstraomgangane kom høgdepunktet i kampen i det 96. minutt. Per Egil Ahlsen smeller eit frispark frå om lag 30 meter i venstre vinkelhjørne og sender FFK i leiing. Gary Goodchild utlikna i det 107. minutt. 23 668 tilskodarar såg kampen på Ullevaal Stadion.

15 993 tilskodarar såg den avgjerande finalekampen, omkampen sundag 29. oktober. Fredrikstad skåra ved Jørn Andersen allereie i det 4. minutt, Per Egil Ahlsen la på til 2-0 på eit straffespark i det 18. minutt. Kjell Lundal reduserte i det 63. minutt, før Terje Jensen la på til 3-1 fem minutt etter. Omgåande reduserte Nils Ove Hellvik til 2-3. Fleire mål vart det ikkje.

Per Arne Larsgård var dommar i den fyrste finalekampen, Einar Halle i den andre.

Laga Fredrikstad sitt vinnarlag: Jan Erik Olsen, Lars Sørli, Per Egil Ahlsen, Hans Deunk, Espen Engebretsen, Morten Thomassen, Terje Jensen, Reidar Lund, Vidar Hansen, Jørn Andersen og Atle Kristoffersen. I sluttminutta vart Tom Espen Fingarsen og målvakta Arild Andreassen sleppt inn på bana. I det fyrste oppgjeret spelte Jan Erik Audsen i staden for Thomassen, medan Vidar Kristoffersen kom i spel som innbytar.

Viking-mannskapet bestod av Erik Thorstvedt, Svein Fjælberg, Per Henriksen, Arild Ravndal, Isak Arne Refvik, Torbjørn Svendsen, Tonning Hammer, Ivar Hauge, Kjell Lundal, Nils Ove Hellvik, Gary Goodchild. Etter ein times spel gjekk Henriksen ut og Einar Sæbø kom inn.

Den 22. oktober deltok ikkje Fjælberg, då var Sæbø med frå start. Elles kom då Knut Inge Svela elles inn for Ravndal.

Kjelder Arbeiderbladet 22. oktober 1984 Arbeiderbladet 29. oktober 1984

Kategori:NM i fotball Kategori:Sport i Noreg i 1984 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo